Hopp til innhald
Fagartikkel

Gjensal = gjenkjøp

Stamkundar gjer gjenkjøp utan at vi som seljarar må gjere nokon stor salsinnsats. Det er enklare å halde på eksisterande kundar enn å skaffe nye. Kundar som får dekt behova sine, kjøper hos oss igjen og anbefaler oss òg til andre. Derfor er stamkundar verdifulle.

Triveleg – enkelt – trygt

God service er viktig for kor tilfredse kundane blir. Nøgde kundar kjem gjerne att. Misnøgde kundar søkjer nye leverandørar. For å få tilfredse kundar må vi som leverandørar syte for at kundane får dekt behova sine slik at dei opplever at det er triveleg, trygt og enkelt å kjøpe av oss.

  • Triveleg vil seie at vi er hyggjelege og høflege, viser empati og innleving i kunden sin situasjon, og at det er ein god atmosfære mellom medarbeidarane og mellom oss og kundane.
  • Enkelt vil seie at vi er tilgjengelege for kunden når kunden ønskjer det, og kan gi direkte svar på kunden sine spørsmål. Det inneber òg at vi gir råd om mat og drikke.
  • Trygt vil seie at vi har kompetente og pålitelege medarbeidarar som kunden kan stole på, og at eventuelle feil og klager blir handsama raskt og sjenerøst.

Gjensalsaktivitetar

Her er nokre døme på aktivitetar som kan gi gjensal:

  • Relasjonsbygging til kundar ved å bruke direkte personleg kontakt og følgje dei opp gjennom e-post, nyheitsbrev, SMS og andre eigna kanalar.
  • Bonusprogram, gi kundar som kjem att, ei påskjønning. Det kan vere kvart 10. måltid gratis, eller noko meir komplisert med poeng. Ein kan oppfordre kundane til å ta med vener og familie, og få rabatt.
  • VIP-fest, arranger ei tilstelling med gratis mat for eit utval av dei beste og mest lojale kundane. Dette kan gi serveringsstaden mykje merksemd.
  • Serviceinnstilte medarbeidarar som alltid yter service som samsvarar med kunden sine ønske og behov – der og då!
  • Kundeundersøkingar, til dømes under og etter eit måltid eller eit selskap. Hensikt: finne ut kva inntrykk gjesten har av måltidet, og å halde kontakten og halde fram med dialogen med kunden.
  • Ettersalsaktivitetar, som å gi informasjon om spesielle aktivitetar, høgtider, tips, spesielle tilbod på e-post og liknande. Det må vere enkelt for kunden å gjere gjenkjøp.

OBS!

Aktivitetar for å skape gjensal må setjast i system. Til dette må ein ha ein kundedatabase med rett namn og adresse til kundane.