Caseoppgåve
Anne, Pål og Yasmin går på kokk- og servitørfag. Dei har bestemt seg for å starte ei ungdomsbedrift og vil selje tradisjonelle potetlefser bakte etter oppskrifta til Pål si bestemor. Dei har inngått ein avtale med ein lokal bonde om å nytte poteter som blir sorterte vekk på grunn av feil utsjånad eller storleik.
Dei er litt usikre på korleis dei skal få marknadsført og selt produktet sitt. Kan du hjelpe?
Ta utgangspunkt i dei fem p-ane når du skal hjelpe dei:
Produkt: Kva er spesielt med dette produktet? Kvifor skal kunden velje dette produktet framfor produktet til konkurrenten? Kva kan det nyttast til? Korleis skal det pakkast, emballerast og merkjast?
Pris: Kva er ein passande pris på produktet? Kva metode bør dei nytte for å fastsetje prisen på produktet?
Påverknad: Korleis kan dei påverke kundar til å kjøpe produktet? Korleis kan dei kommunisere med potensielle kundar?
Plass: Kvar og når ville det vore lurt å selje dette produktet?
Personale: Kva slags kompetanse hos personalet eller leverandørane bør framhevast i samanheng med produktet?