Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva hugsar du om marknadsføring?

Etter å ha jobba med temaet sal og marknadsføring kan du prøve deg på desse oppgåvene.
Kvinne får servert kaffi over disk av mann. Biletet er teke i lokala til Joe and the Juice på Lagunen Storsenter i Bergen i oktober 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er det som påverkar oss til å kjøpe eit produkt?

  2. Tenk på det siste produktet du sjølv kjøpte. Kva gjorde at du valde akkurat det produktet? Kor kjøpte du det? Hadde du handla der før?

  3. Kva gjer at kundar blir fornøgde og kjem tilbake?

  4. Kva er det viktig å tenkje på når du skal marknadsføre noko på digitale plattformer?
  5. Kva for nokre faglege og personlege eigenskapar bør ein ha viss ein skal jobbe med sosiale medium?
  6. Kjenner du til bedrifter som nyttar sosiale medium for å auke salet sitt? Kva er det dei gjer?
  7. Kan du finne eit døme på eit produkt du ville ha kjøpt nesten uansett pris, og eit produkt du ikkje ville ha kjøpt dersom prisen hadde stige med meir enn 25 prosent i forhold til dagens pris?


CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Sal og marknadsføring