Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk og jobb med lyddesign i radioreklamar

Kva for nokre lydlege verkemiddel blir brukte i radioreklamar? I denne oppgåva skal du sjølv få prøve deg på lyddesign.
Ein svart lydopptakar med knappar og skjerm. På toppen er det ein blank grå stereomikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Lytt til radioreklamar og svar på spørsmål

Finn tre radioreklamar, og svar på spørsmåla under.

Finn radioreklamar på nettet eller bruk nokon herfrå:

  1. Info om radioreklamen

    Finn tittel, lengd, kven som har produsert han, kva slags produkt eller teneste han reklamerer for, og kva slags selskap eller organisasjon som står bak.

  2. Lydtypar

    Kva lydtypar er brukte? Er dette lydtypar du kunne ha teke opp sjølv?

  3. Verkemiddel og oppbygning

    Kva verkemiddel er brukte med tanke på dramaturgi/oppbygning, historieforteljing, lydtyper og i redigeringa? Til dømes justert lydnivå, arbeid med frekvensar og panorering?

    Korleis opplevast dei?

Oppgåve 2: Planlegg lydbileta

  1. Korleis vil du gå fram for å gjere eit lydopptak av stiletthælar på parkett?

  2. Korleis kan du lydleggje at nokon kjem springande i skogen i full fart?

  3. Sjå for deg at du er i ein mørk, fuktig kjellar, og at ei tung, gammal dør blir opna sakte. Korleis kan du skape dette lydbiletet?

Oppgåve 3: Gjer lydopptak

No skal du gjere lydopptak og setje saman minst to ulike lydbilete for å dramatisere og byggje opp ei forteljing eller stemning. Jobb med lydnivå, rytme, frekvensar og panorering i redigeringa.

Gjer opptak av minst fire av desse seks lydane:

  • effektlyd av føter som går (vel sjølv stad, intensitet og underlag)

  • miljølyd frå ein folksam stad

  • miljølyd i eit ikkje så hyggjeleg rom

  • miljølyd og effektlydar i skog

  • effektlyd av ei grein som blir knekt

  • effektlyd av dør som blir lukka

Oppgåve 4: Lag ein radioreklame

Lag ein radioreklame på 10–15 sekund der du legg vekt på eit variert lydbilete og dramatisering. Mesteparten av lydane skal du produsere sjølv. Musikk og eventuelle effekt- og miljølydar skal ha open lisens eller creative commons-lisens.

Vel eit av desse produkta, og vel målgruppe sjølv

  1. nytt støyreduserende hodesett frå valfri produsent

  2. Coca-cola på 0,33-literboks

  3. Kvikk Lunsj

Relatert innhald

Korleis kan du skape ein radioreklame som gjer at lyttaren blir verande og blir interessert i bodskapen? Lytt og lêr meir om lyddesign i radioreklamar.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Innføring i lyd