Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein radioreklame om hovudtelefonar

Dette arbeidsoppdraget vil gi deg erfaring med reklame i lydformat. Du skal bruke røysta di, effektlydar og musikk til å lage ein radiospot som skal reklamere for hovudtelefonar.
Ung gut lyttar til høg musikk gjennom øyretelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta utgangspunkt i eit særdrag ved hovudtelefonane og bruk dette som utgangspunkt for å overtyde lyttarane dine om å kjøpe akkurat desse hovudtelefonane. Undervegs skal du setje deg inn i kva reklame er, kva som er føremålet med reklame, og kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot. Du må også gjere deg kjend med ulike lydtypar og korleis desse kan brukast som verkemiddel i lydproduksjonar. Oppdraget inneber at du må gjere lydopptak, overføre råmateriale til datamaskinen din og redigere lydane i eit lydredigeringsprogram.

Slik kan du gå fram for å løyse oppdraget:

  1. Set deg inn kva hovudtelefonar og øyrepluggar som finst på marknaden. Søk på Internett for å orientere deg om ulike produkt.
  2. Vel eit produkt du vil reklamere for, og finn eitt særdrag ved hovudtelefonane eller øyrepluggane du har valt. Vel noko som verkar interessant, overtydande eller fasinerande.
  3. Lytt til ein eller fleire av dei radiospotane du finn under Tips og triks. Noter korleis desse er bygde opp når det gjeld dialog, effektlydar og bruk av musikk.
  4. Ta utgangspunkt i særdraget ved det produktet du har valt. Skriv ein dialog mellom to personar, som handlar om kvifor desse hovudtelefonane eller øyrepluggane er spesielt bra. Hugs å skrive eit munnleg manus. Skriv det gjerne på dialekt.
  5. Få med deg ein medelev til opptak. Hugs å overdrive bruk av tonefall og stemmeklang.
  6. Last råmaterialet opp på datamaskinen.
  7. Finn effektlydar og musikk
  8. Klipp saman radiospoten. Han skal ha ei lengd på frå minimum 20 til maksimum 40 sekund. Eksporter det ferdige produktet som .mp3-fil.
  9. Gjennomfør refleksjon og eigenvurdering.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2018

Læringsressursar

Innføring i lyd