Hopp til innhald

Fagstoff

Lyddesign i radioreklame

Kvart sekund tel og kostar pengar i radioreklame, for lyttaren kan raskt skifte kanal. Korleis kan du skape ein radioreklame som gjer at lyttaren blir verande og blir interessert i bodskapen din? Lytt til døme og lær meir om lyddesign i radioreklamar.

Vert er Andreas Veie-Rosvoll, og gjest i studio er Joachim Sandvik. Han er lyddesignar i produksjonsselskapet Både Og, som har laga over 10.000 radioreklamar.

Du finn lydutdrag av podkasten i denne læringsressursen. Les og lytt til hans lyddesign-tips, og reflekter over spørsmåla i tekstboksane.

Heile podkasten (24.16) ligg nedst.

Spørsmål til radioreklame 1
  1. Kven er avsendar?

  2. Kva lydtypar er brukte i radioreklamen?

  3. Kva slags stemning skaper reklamen?

  4. Kva er bodskapen?

  5. Kven trur du er målgruppa?

  6. Kva legg du best merke til i reklamen?


Trykk på den blå infoknappen i lydavspelaren for å sjå ein transkripsjon av lydfilene.

Skap eit realistisk lydbilete

Sandvik får ofte inn manus med informasjon om dialog og på kva stad eller i kva miljø radioreklamen skal vere. Då er det viktig å skape det aktuelle lydmiljøet og gjere det realistisk for lyttaren. Du kan bruke eksisterande lydbibliotek eller gjere eigne opptak. Du må tenkje på både effektlydar og korleis du skaper det riktige lydmiljøet.

Spørsmål til lydklippet «Skap lydbilete»
  1. Sjå for deg minst tre måtar ein person kan gå på ein veg på. Kva sko og kva intensitet i ganglaget har personen? Kva slags miljølyd kan passe?

    1. Personen skal på skogstur med venner.

    2. Personen er nervøs og er redd for noko som kan skjule seg bak trea.

    3. Personen er glad og har akkurat fått telefon om jobb.

Bygg opp miljø ved hjelp av fleire lydar

Eit lydbilete består ofte av fleire lydtypar som er sette saman. Det er viktig å ha eit miljø som passar til settingen du skal skape. Skal det vere lunt og hyggjeleg eller uhyggjeleg, skal det vere ein vakker soloppgang eller eit holt og forlate fabrikklokale som gir ei guffen kjensle? Jobb med å ta opp og finne lydar som kan eigne seg til lyduttrykket du skal skape. I etterarbeidet kan du jobbe med EQ (filter), panorering og lydnivå.

Du kan trenge nokre presise effektlydar, og desse er det best å ta opp utan støy eller miljølyd bak. Slik kan du setje effektlyden saman med fleire andre, ulike lydtypar i andre produksjonar, og du kan kontrollere kor kraftig miljølyden og effektlyden skal vere.

Det kan hende du vil framheve effektlyden på eitt tidspunkt av reklamen og framheve miljølyden sterkare på eit anna tidspunkt. Det kan òg vere at du vil panorere nokre av lydane, men ikkje alle. Prøv derfor å lage reine effekt- og miljølydar slik at du kan kombinere dei på ein føremålstenleg måte.

Spørsmål til lydklippet «Bygg opp eit lydmiljø»
  1. Kva lydar ville du brukt for å skildre følgjande situasjonar?

    1. Ein klasse har skriftleg prøve.

    2. Nokon forsøv seg.

    3. Konvolutten blir opna, og vi har ein vinnar!

Musikk i radioreklame

Bruk musikk viss det kan tilføre radioreklamen noko, men du må ikkje ha musikk utan omsyn til kostnaden.

Det er viktig å vere klar over at ein del musikk ikkje er til fri bruk. Derfor kan du ikkje utan vidare bruke all musikken du vil. Du kan søkje på musikk som er utan rettar, eller ta kontakt med mindre band og artistar og høyre om du kan bruke musikken i skuleproduksjonar mot kreditering.

Nokre tips til deg som skal jobbe med lyddesign


Prøv deg fram når du skal lage ein lydreklame! Det er lett å halde på med lyd. Mykje lyd er tilgjengeleg gratis, til dømes på Freesound.org, i tillegg kan du gjere eigne lydopptak.

Lag så reine lydar som mogleg, og så er det berre å kombinere i veg for å måle gode lydbilete i redigeringsfasen. Det er berre ein myte at du treng å vere musikar for å vere lyddesignar, ifølgje lyddesignar Joachim Sandvik.

Her kan du lytte til podkasten i sin heilskap

Foto av smilande jente kikkar oppover mot teksten "Lytt deg gjennom mediefaget".
Lytt deg gjennom mediefaget

Lyddesign i radioreklame

Korleis bruker ein profesjonell lyddesignar verkemiddel og forteljartekniske grep for å skape stemning, få oss til å lytte på reklamen og til å kjøpe produktet som blir presentert? Vert i studio er ...

0:00
-0:00

Kjelde

Både Og (2021): Lyddesign i radioreklame, podkast.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2021

Læringsressursar

Innføring i lyd