Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Les inn ei nyheitsmelding

Ei enkel innledningsoppgåve som gjer deg kjent med utstyr for opptak av lyd, og som bidrar til at du er tryggare når du skal jobbe vidare med lydopptak.

Oppdrag: Bruk teknisk utstyr

Du skal gjere eit prøveopptak av ei nyheitsmelding på 15 sekund.

  1. Skriv ei kort nyheitsmelding som det tek nøyaktig 15 sekund å lese opp.
  2. Kople ein ekstern mikrofon til ein lydopptakar eller PC og les inn meldinga.
  3. Lytt til produktet. Er du nøgd med måten du formulerer deg på? Er du nøgd med stemmebruk og teknisk kvalitet?