Hopp til innhald

Fagstoff

Tips og triks – radioreklame

Når du skal jobbe med radioreklame, kan det vere lurt å studere radiospotar som profesjonelle reklamefolk har laga. På denne sida får du også tips til lydredigering og nettsider der du lovleg kan laste ned effektlydar.
Hand som teiknar ein lyspære. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksempel på radiospotar

På nettsidene nedanfor finn du eksempel på radiospotar. Lytt og noter kva forteljeteknikk og kva lydtypar som er nytta.

Nettsider med effektlydar

Redigeringstips

Mange skular har installert Adobe Audition på datamaskinane til elevane. Her finn du ein kort innføringsvideo med engelsk tale som syner korleis du nyttar enkle funksjonar i programmet:

Du kan opne fleire slike rettleiingsvideoar dersom du vel «Browse Audition CC tutorials». Då kan du mellom anna lære korleis du justerer lydnivået og feidar inn og ut eit lydklipp.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022

Læringsressursar

Innføring i lyd