Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag nyheitsinnslag for radio

Bruk det du har lært om APUS-modellen når du skal gjere om ein kortfilm til eit nyheitsinnslag.

I kortfilmen Oslo Traffic (2016) gjer to kvinner eit drap ved eit uhell. Sjå filmen.

1. Oppdraget

De jobbar som reporterar i NRK P3nyheter. På morgonmøtet får de vite at ein mann er funnen drepen i Oslo i natt. De skal lage ei nyheitssak om hendinga. Politiet har få spor å gå etter og vil ugjerne avsløre identiteten til mannen.

Kurve som beveger seg langs to aksar, spenning og tid. Kurven vis ulike fasar: anslag, presentasjon, utdjuping og slutt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk hendingane i kortfilmen Oslo Traffic som utgangspunkt for å byggje opp eit radioinnslag etter APUS-modellen.

Ta i bruk det de har lært om dramaturgi i nyheitsinnslag, og skap gjerne eigne intervjuobjekt.

Innslaget bør vare mellom 30–60 sekund.

2. Produksjonsprosessen

Planlegg dramaturgien godt før de speler inn innslaget.
Tenk gjennom:

  • Korleis vekkjer vi lyttarane (anslaget)?
  • Kven skal vi intervjue (presentasjonen)?
  • Kven kan fortelje oss meir om korleis og kvifor dette har skjedd (utdjupinga)?
  • Korleis får vi til å runde av innslaget på ein god måte?

3. Visning

Spel av nyheitsinnslaga for kvarandre når de er ferdige. Lytt til innslaga til kvarandre.

Ei ung kvinne sit i passasjersetet i ein bil. Ho held ein mobil i handa. Foto.

4. Kvarandrevurdering

Vurder til slutt kvarandre. Bruk gjerne tabellen under.

Vurderingskriterium

1 Poeng

2 poeng

3 poeng

Anslaget er tydeleg og vekkjer interesse.

Presentasjonen gjer oss betre kjende med kven, kva, kvar.

Utdjupinga forsøkjer å gi oss fleire svar.

Slutten rundar av innslaget klart og effektivt.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 17.10.2019

Læringsressursar

Innføring i lyd