Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

Dette arbeidsoppdraget går ut på å lage ein radiospot for å selje hovudtelefonar eller øyrepluggar. Det vil gi deg erfaring både med lydarbeid og marknadsføring.

 

Læringsmål

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • forstå kva som kjenneteiknar reklame
  • kunne nytte kjenneteikn ved reklamesjangeren radiospot i din eigen produksjon
  • vite kva lydtypar som finst
  • kunne laste ned lydeffektar og musikk
  • kunne bruke lydeffektar og musikk som verkemiddel i ein radiospot
  • kunne behandle lyd teknisk frå opptak til utkøyring