Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein radioreklame

Lag ein radioreklame på 30 sekund om eit produkt eller ei teneste som du vel sjølv.

  • Kva for røyst skal formidle bodskapen: ei høg, djup, varm, kjølig, feminin eller maskulin?
  • Kort fort skal røysta snakke?
  • I kva for rekkjefølgje vil du formidle opplysningane?
  • Korleis skal rytma i bodskapen vere, glidande eller meir stakkato?
  • Kva for språk, dialekt eller sosiolekt skal oppleseran bruke?
  • Skal det vere musikk med i innslaget? Kva for type? Rock? Country? Folkemusikk? Når skal ein høyre musikken?
  • Skal du bruke andre lydeffektar?

Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper.

Reklamen skal lagrast som wav- eller mp3-fil og spelast av for klassen.

CC BY-SASkrive av Jone Nikolai Nyborg.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2017

Læringsressursar

Innføring i lyd