Hopp til innhald

Eigenvurdering

Reklamer for hovudtelefonar – vurderingsskjema

Bruk dette skjemaet som hjelp når du vurderer i kva grad du har nådd læringsmåla for arbeidsoppdraget Reklamer for hovudtelefonar.
Røde kryss og grønne huker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
GlimrandeKompetentPå veg
Radiospoten min syner at eg forstår kva som kjenneteiknar arbeid med reklame.Eg forstår kva reklame er, men eg får ikkje synt det gjennom arbeidet med radiospoten.Eg er usikker på kva reklame er, og kva ein radiospot er.
Eg veit kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot, og eg har brukt desse sjangertrekka i radiospoten min.Eg veit kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot, men eg har ikkje lykkast heilt med å lage ein radiospot med slike sjangertrekk.Eg veit ikkje heilt kva som kjenneteiknar sjangeren radiospot, og eg er usikker på om lydproduksjonen min oppfyller kravet til radiospot.
Eg kjenner til dei ulike lydtypane og har brukt dei som verkemiddel i radiospoten min.Eg kjenner nokre typar lyd, og har brukt fleire lydtypar i produksjonen min, men eg har ikkje tenkt så nøye gjennom kvifor eg har valt nettopp desse.Eg har ikkje sett meg inn i kva lydtypar som finst, og korleis desse kan brukast.
Eg kan gjere enkle lydopptak, overføre opptaket til datamaskinen min, redigere råmaterialet og eksportere den ferdige radiospoten som .mp3-fil.Eg har hatt nokre problem med å gjennomføre anten opptak, overføring eller redigering, men til slutt klarte eg å få radiospoten ferdig.Eg har hatt problem med å gjennomføre opptak, overføring og/eller redigering, og klarte ikkje å få til nokon radiospot.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i lyd