Fortel med subjektivt kamera
Oppgåve 1
Sjå fillmen Wheels (YouTube.com).
Kva oppnår filmskaparane ved å konsekvent bruke subjektivt kamera i denne filmen?
Oppgåve 2
Vel a eller b.
Lag ein tilsvarande film på eitt minutt, der du ved hjelp av subjektivt kamera viser korleis ein person som har ei funksjonshemming, opplever verda.
Lag to filmscener, kvar på 30 sekund, der du bruker både perseptuell og konseptuell synsvinkel som verkemiddel. Sjå sida Subjektivt kamera (ndla.no) for meir informasjon om desse synsvinklane.
Filmscene 1
Film eit møte mellom ein gut og ei jente. Film delar av filmen frå jenta sin synsvinkel.
Filmscene 2
Film eit møte mellom ein gut og ei jente. Film delar av filmen frå guten sin synsvinkel.