Oppgåve
Intervju om profesjonalitet
Som barne- og ungdomsarbeidar blir du ein viktig person for dei barna du skal arbeide med. I filmane nedanfor fortel andre fagpersonar om kvifor vi treng profesjonelle barne- og ungdomsarbeidarar.
- Kvifor treng vi profesjonelle barne- og ungdomsarbeidarar?
- Korleis handlar ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar?
- Kva blir meint med å sjå heile barnet?
- Kva blir meint med at barne- og ungdomsarbeidaren kjenner heile hjelpeapparatet?
- Korleis skal du behandle barna i barnehagen?
- Kva for eigenskapar bør vaksne som jobbar i barnehagen, ha?
- Kva betyding har den praktisk-teoretiske kunnskapen din for rolla di i barnehagen?
- Gi døme på kva du kan gjere saman med barn.
- Korleis viser du barn omsorg?
- Korleis viser du barn respekt?
- Kvifor skal du vise barn omsorg og respekt?
- Korleis kan du påverke kvardagen til barna?
- Kva gjer ein profesjonell lærar og barne- og ungdomsarbeidar?
- Korleis samarbeider denne læraren med barne- og ungdomsarbeidaren?
- Korleis kan vi opptre slik at elevar føler seg trygge?
- Kva blir meint med klasseleiing?
- Korleis kan du vite når du skal sende ei bekymring vidare til andre?
- Kvifor er det viktig å sende nokre problem vidare til andre med ein annan kompetanse enn du sjølv har?
- Kvifor er det viktig at du som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er merksam på om barn kan ha det vanskeleg?
- Diskuter følgjande påstand: Alle kompetansemål i læreplanen til barne- og ungdomsarbeidarfag handlar om profesjonalitet.
- Kva betyr "profesjonell"?
- Korleis jobbar du profesjonelt?
- Kvifor er det viktig å jobbe profesjonelt?
- Kva krav stiller du til ein profesjonell yrkesutøvar i barnehage, skule, SFO, barnebustad og fritidsklubb?
- Kva kjenneteiknar eit profesjonelt og godt samarbeid mellom kollegaer i barnehage, skule, SFO, barnebustad eller fritidsklubb? Kva kan du bidra med for å skape eit profesjonelt samarbeid?
- Korleis kan du kommunisere profesjonelt med foreldre?
- Kva kan du gjere dersom du er uviss på korleis du skal opptre profesjonelt i ein gitt situasjon?
- Yrkesstoltheit handlar om at du legg sjela di i det du gjer, og å vere stolt over yrket og det arbeidet du gjer. Diskuter kva betyding yrkesstoltheit får med tanke på det å vere profesjonell.
Relatert innhald
Fagstoff
Kommunikasjon som fagarbeidarSom fagarbeider kjem tett inn på menneske i ulike livsfasar. Riktig og god kommunikasjon er viktig i møtet med brukarar, pårørande og kollegaer.