Hopp til innhald
Fagartikkel

Praktisk kunnskap og vurderingsevne

Å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar blir knytt til korleis du tek ansvar og viser og klokskap når du utøver yrket ditt. Det blir forventa at du har dei kvalifikasjonane og kompetansen som er naudsynte for yrkesutøvinga.

Praktisk kunnskap

Ein barne- og ungdomsarbeidar skal bidra til at barn og unge har eit godt liv. Arbeidet du gjer i dag, skal bidra til at barn klarer seg sjølv i framtida, og til at dei kan ta eigne val og bli ansvarleg handlande menneske i samfunnet.

Å arbeide med barn er noko dei fleste har ei meining om. Alle har eigne erfaringar med oppseding, omsorg, leik, læring og utvikling. Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar skal du vite og kunne seie meir enn det andre kan. Du må vise fram ferdigheiter vi ikkje kan forvente av alle. Det blir forventa at du har profesjonell kunnskap.

Praktisk yrke

Barne- og ungdomsarbeidaryrket er eit praktisk yrke, og det du gjer, får betyding for dei barna du jobbar med. Det vil seie at du treng kunnskap om korleis du skal handle i ulike situasjonar.

For å få profesjonell kunnskap om korleis du skal handle i ulike situasjonar med barn, treng du eigne erfaringar. Gjennom praksis i utdanninga di vil du få erfaring med å arbeide med barn. Samtidig vil du ha behov for å forstå teori som grunnlag for dei praktiske handlingane. Dette gjer deg i stand til å grunngi dei vala du tek.

Praktiske erfaringar

Gjennom erfaringane du får i det praktiske arbeidet, utviklar du kunnskap om deg sjølv og verda. Når du deltek og handlar i praktiske prosessar, er du til stades med heile deg. Du bruker sansane dine; du føler, tenkjer og handlar.

I møte med barn vil du prøve deg fram. Nokre gonger opplever du at det går bra, andre gonger opplever du at det ikkje går så bra, og at du må endre på det du gjer. Når du opplever at dei erfaringane du har, ikkje er tilstrekkelege for å utføre ein god jobb i den situasjonen du er i, vil du byrje å utforske problemet. Du vil då byrje å reflektere over handlingane dine og konsekvensane av dei.

Når du tenkjer, prøver du å førestille deg kva du må gjere, og korleis det kan bli. Du bruker tidlegare kunnskap, erfaringar og fantasi og prøver å sjå etter nye måtar å gjere det på. Når du så prøver ut dei nye tankane og ideane dine for å løyse situasjonen, og du opplever at det du gjer, blir bra eller betre, har det skjedd ei utvikling av den praktiske erfaringa di. Dermed kan vi seie at læring skjer ved at du gjer erfaringar, tenkjer, eksperimenterer og utforskar problem som oppstår undervegs. Som eit resultat vil du òg tileigne deg ny kunnskap og handlemåten din blir endra.

Teoretisk kunnskap

Gjennom å delta i undervisning på skulen og ved å lese og tileigne deg teori om utviklinga til barn, omsorg, leik og læring vil du få forståing og kunnskap om barn. Denne teoretiske kunnskapen gir deg eit grunnlag for å forstå og grunngi arbeidet ditt, og det vil òg liggje til grunn for dei handlingane du gjer i det praktiske arbeidet med barn og unge.

Praktisk-teoretisk kunnskap

Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar blir det forventa at du har praktisk-teoretisk kunnskap. Denne kunnskapen bidreg til at du veit korleis du kan handle i arbeidet med barn og unge, samtidig som du har eit teorigrunnlag for å forstå og grunngi arbeidet ditt. I yrkesutøvinga er det òg viktig at du utviklar god vurderingsevne, slik at du kan vurdere kvaliteten på eige arbeid. Det inneber at du reflekterer over korleis arbeidet blir utført, og konsekvensane av arbeidet.

Refleksjons- og vurderingsevne

Å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er meir enn berre å kunne gjere. Som barne- og ungdomsarbeidar må du òg kunne reflektere og vurdere. Dei vurderingane du gjer i ulike situasjonar, må vere bygde på den praktisk-teoretiske kunnskapen din.

Vurderingar undervegs

I arbeidet med barn og unge er det ikkje slik at du kan ha tenkt ut ei løysing på førehand og handle deretter. Du møter menneske som er ulike, og som reagerer ulikt. Derfor må du kunne tenkje medan du utfører arbeidet, gjere vurderingar undervegs, ta val og handle i tråd med kva som er ønskjeleg i situasjonen. Dette er ei verdivurdering som òg krev kreativitet og improvisasjon og at du er engasjert og nysgjerrig på å få det til.

Nye løysingar og vurderingsevne

Samspelet og møtet med barn skjer nett no, og du kan ikkje handle ut frå ei bestemd oppskrift. I dette møtet må du vere merksam til stades for å vurdere situasjonen og korleis du bør handle her og no. Du må bruke den praktisk- teoretiske kunnskapen din for å vurdere kva som er den beste løysinga i den konkrete situasjonen. Å utvikle denne viktige vurderingsevna er det som kan kallast pedagogisk klokskap. Pedagogisk klokskap gjer at du utviklar di eiga dømmekraft i ulike handlingar med barn. Slik vil du ha kunnskap om kva som er godt og kva som er godt nok. Du har dermed både kunnskap til å handle i ulike situasjonar med barn og evne og vilje til å endre eigne handlingar viss du ser at det du gjer, ikkje blir godt nok. Når du endrar handlingane dine til det beste for situasjonen, utøver du pedagogisk skjønn.

Ei slik vurderingsevne er svært viktig for den profesjonelle yrkesutøvinga di. Det handlar om at du kan vurdere kvaliteten på eige arbeid og utvise god pedagogisk dømmekraft eller pedagogisk skjønn i arbeidet med barn.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du arbeide for å få den kompetansen som trengst for å bli ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Kva treng du av kunnskap for å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar?
  3. Korleis må du handle for å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar?

Kjelder

Stai, S. (2017). Estetikk i barne- og ungdomsarbeiderfaget: En kvalitativ studie av lærernes forståelse (Masteroppgåve). Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Trondheim. Henta frå https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2677359/siv2\\0Stai.PDF