Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere klar over kva det vil seie å vere ein profesjonell yrkesutøvar i arbeidet med barn. Denne kunnskapen får du gjennom teori og praksis, og i praksis øver du deg òg på sjølv å vise profesjonalitet når du jobbar.
Ein smilande barnehagetilsett pratar med to barn. Ho sit på huk så ansiktet hennar er på nivå med barna. Alle er kledde i varme vinterdressar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Profesjonalitet handlar om å vere dyktig i jobben sin. Du skal vite kva du skal gjere, og du skal gjere det så korrekt som mogleg. I desse oppgåvane skal du utforske kva det vil seie å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar.

  1. Lag eit tankekart med stikkord knytt til det å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar.
  2. Bruk tankekartet og lag eit notat der du utdjupar stikkorda og forklarer med eigne ord kvifor dette har betyding for å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar.
  3. Arbeid i gruppe. Ta utgangspunkt i ein eller fleire praktiske situasjonar i barnehage, SFO/skule, klubb eller bustad, til dømes innkomst, måltid, leik, aktivitetar, påkledning. Lag eit rollespel der de viser korleis de er profesjonelle i desse situasjonane. Film eller ta bilete av rollespelet, og lag eit lite notat som forklarer kvifor de gjer det på den måten. Tenk særleg på profesjonalitet.
  4. Vis det innspelte rollespelet eller bileta for klassen. Forklar kvifor dette er profesjonell yrkesutøving for ein barne- og ungdomsarbeidar.
  5. Diskuter i klassen kvifor det er viktig å reflektere over eiga rolle i arbeid med barn og unge, og kvifor det er naudsynt å vere sjølvkritisk som profesjonell yrkesutøvar.

Relatert innhald

For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Profesjonalitet som barne- og ungdomsarbeidar