Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollemodell for barn og unge

Som barne- og ungdomsarbeidar må du vite kva som ligg i omgrepet rollemodell, og korleis du kan bli ein god rollemodell.
Eit barn les i ei biletbok saman med ein vaksen. Foto.

Oppgåver

  1. Korleis vil du definere omgrepet rollemodell?
  2. Kva betyr det å vere ein rollemodell?

  3. Korleis blir du ein god rollemodell?
  4. Kvifor er det viktig å vere klar over eigne haldningar og verdiar når du er ein rollemodell for barn og unge?
  5. Set opp fordelar og ulemper med å vere ein rollemodell.
  6. Rammene for arbeid i barnehage og skule finn du i desse planane:

Les det som står om verdigrunnlaget i desse planane. I rammeplanen for barnehagen og i overordna del av læreplanverket står det i del 1, i rammeplanen for SFO er det i del 2.

Vel deg ein verdi. Korleis vil du jobbe konkret for å vareta denne verdien når du er i praksis

  1. i barnehage

  2. i skole/SFO

Knyt svaret ditt til lovverket.

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 30.09.2020

Læringsressursar

Profesjonalitet som barne- og ungdomsarbeidar