Hopp til innhald

Fagstoff

Modellæring, speiling og perspektivtaking

Modellæring, òg kalla observasjonslæring, spegling og perspektivtaking er tre viktige metodar som du som barne- og ungdomsarbeidar bør kjenne til i arbeidet med barn og unge.
To smilande jenter som drikk smoothie tek selfie saman. Det er blomstrar og tre i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modellæring (observasjonslæring)

Albert Bandura, psykolog og professor ved Stanford University, hevda at åtferd kan lærast gjennom observasjon av andre menneske i eit miljø (sosialt samspel). Læring som skjer i sosialt samspel, kan vi studere i sosial læringsteori. Bandura framhevar betydinga av rollemodellar – vi har ein tendens til å ta etter førebileta våre.

Barn kopierer åtferda, talemåten, tankesettet, haldningane, vaner og uvanar til vaksne for å tilpasse seg fellesskapet. Derfor er det ikkje uvesentleg korleis vi som jobbar med barn og unge, opptrer og oppfører oss i samspelet med barna. Du vil bruke mykje tid saman med barn og ungdom. Der vil du heile tida prøve å skape gode og positive relasjonar. På den måten blir du ein viktig person som har stor påverknadskraft gjennom veremåten din. Dette gjer deg til ein rollemodell for barna og ungdommane.

Å vere ein god rollemodell er resultat av ei medviten og reflektert haldning. Det handlar heile tida om å vere klar over korleis du opptrer saman med barna. Det kan derfor vere lurt å reflektere over korleis åtferda di påverkar andre. Ein god rollemodell får andre til å føle seg trygge. Gode rollemodellar oppfører seg i tråd med det som er forventa av dei i ulike situasjonar: dei er høflege, omsorgsfulle, viser respekt for andre, skaper tillit og har gode sosiale evner. Gode rollemodellar lærer oss korleis vi skal kommunisere, utøve samspel og korleis vi kan handtere konfliktar.

Eit barn sit på ei stor gul pute på ein stol framfor eit bord med ei datamaskin. På skjermen er det ei kvinne, og det ser ut til at barnet og den vaksne snakkar saman via datamaskina. Foto.

Speglingsteorien og perspektivtaking

Georg H. Mead, psykolog og filosof, forska på korleis sjølvbiletet og sjølvoppfatninga vår blir danna. Teorien hans blir kalla speglingsteorien. Mead hevdar at vi blir til i interaksjon/samspel med andre. Teorien går ut på at vi speglar oss i tilbakemeldingane vi får frå andre, og tilpassar oss etter det. Når vi observerer reaksjonane til andre på det vi gjer eller seier, dannar vi oss eit bilete av oss sjølv. Sjølvoppfatninga vår blir dermed danna i eit samspel mellom dei reaksjonane vi får frå andre, og dei indre tankane vi har om oss sjølv.

Sjølvoppfatninga vår er eit resultat av dei menneska vi har omgang med. Nokre menneske har større innverknad på sjølvoppfatninga vår, slik som foreldre og søsken. Andre som ofte er tilgjengelege for barnet, kan òg vere viktige personar (signifikante personar). Som barne- og ungdomsarbeidar kan du vere ein viktig person for sjølvoppfatninga til barnet. Dette kjem av at du bruker mykje tid saman med barnet, gir støtte og omsorg og er ein god rollemodell.

Perspektivtaking handlar om å kunne sjå omgivnadene med agua til barnet eller den unge og kunne setje seg inn i tankane, kjenslene og ønska deira.

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du bruke spegling som ein metode for å gjere barn og unge merksame på det dei gjer. Når du gir dei positiv respons, er du med på å byggje opp sjølvbiletet til barn og unge. Dersom du klarer å setje deg inn i tankeverda til barn og unge, vise interesse og forstå dei, klarer du òg perspektivtaking.

Det er viktig å vite at dersom barn og unge blir utsett for negativ respons på veremåten sin eller det dei gjer, vil det påverke sjølvbiletet på ein negativ måte. Derfor er det viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar reflekterer over korleis du vil gi tilbakemeldingar som fremjar positiv utvikling av sjølvbiletet, både verbalt og ikkje-verbalt.

To firkantar med ei teikning av eit barn i den venstre og ein vaksen i den høgre. Ein blå pil frå barnet til den vaksne har teksten "Speglar seg" og ein raud pil frå den vaksne til barnet har teksten "Reaksjon frå dei andre".  Dette viser at handlinga til barnet får ein reaksjon frå ein vaksen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Skriv med eigne ord kva du meiner modellæring, speglingsteorien og perspektivtaking er.
  2. Både Mead og Bandura meinte at vi menneske blir til i fysisk møte med kvarandre. Kva betyding har det for barn og unge når sosial kontakt blir erstatta av å sitje framfor ein skjerm?

Kjelde

Imsen, G. (2020). Elevens verden. Innføring i pedagogisk psykologi (6. utg.). Universitetsforlaget.

CC BY-NCSkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2020

Læringsressursar

Profesjonalitet som barne- og ungdomsarbeidar