Forventningar til den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeid får du tillit frå samfunnet. Det inneber at samfunnet har tiltru til at du har den kompetansen og engasjementet som er naudsynt for å kunne utøve yrket ditt på ein god og forsvarleg måte. Det blir forventa at du tek vare på og forvaltar det samfunnsmandatet du har, i arbeidet med barn og unge i barnehage, skule/SFO, klubb og omsorgsbustader. Eit samfunnsmandat vil seie at du som profesjonell yrkesutøvar er sett til å utføre bestemde oppgåver på vegner av samfunnet.
I barnehagelova står det at samfunnsmandatet til barnehagen er å i samarbeid og forståing med heimen ta vare på behovet til barna for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Lek, omsorg, læring og danning skal sjåast i samanheng.
I skule og SFO er samfunnsmandatet formulert slik i § 1 i opplæringslova: "Opplæringa i skule og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring."
Å skape gode kvardagar
I arbeidet ditt skal du bidra til å skape gode kvardagar for barn og unge. Du må kunne velje pedagogiske metodar som fremjar trivsel og meistring. Du skal bidra til å gi barn og unge ein oppvekst der innhaldet i kvardagen er prega av omsorg, leik, læring og utforsking.
Du skal kunne leggje til rette for aktivitetar som stimulerer til livsutfalding, undring, utforskartrong og skaparglede. Evna til å samarbeide og kommunisere med barn og unge, føresette og kollegaer er ein vesentleg del av arbeidet. Samtidig er det viktig at du som profesjonell er i stand til å halde deg oppdatert og tileigne deg ny kunnskap i takt med at samfunnet utviklar seg.
Vidare skal du som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar bidra til å utvikle identiteten og kulturen til barn og unge. Du skal fremje forståing for at likeverd og likestilling er grunnleggjande verdiar. Det betyr at du må reflektere over dine eigne haldningar og verdiar og kva ansvar du har i yrkesutøvinga. Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar blir det òg forventa at du har evna til å reflektere og tenkje kritisk, noko som vidare dannar grunnlaget for det faglege skjønnet ditt.
Å ta gode val
Å vere profesjonell barne- og ungdomsarbeidar inneber å ta gode val basert på praktisk-teoretisk kunnskap. Du må fortløpande gjere vurderingar om kva som er best å gjere i ulike situasjonar. Vala handlar om å gjere det du meiner er riktig der og då. Undervegs i situasjonen kan det hende du må ta nye val, viss du ser at dette ikkje fungerte slik du hadde tenkt. Kvaliteten på det du gjer, blir betre viss du klarer å tilpasse deg til det som er best i den konkrete situasjonen.
Viss det viser seg at du tok eit feil val i ein situasjon, kan du likevel ta det med deg vidare til neste gong du er i ein liknande situasjon. Då vil du sannsynlegvis handle annleis, og det vil kanskje løyse seg på ein betre måte denne gongen. Slik utviklar du stadig den praktisk-teoretiske kunnskapen din.
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar blir det forventa at du handlar ut frå ei godheit for barn og unge i alle situasjonar. Omsynet, respekten og lojaliteten for dei barna og unge du skal jobbe saman med, må alltid kome først. Det inneber at du har eit grunnleggjande ønske om at alle skal oppleve ein god kvardag som òg omfattar glede.
Å ha fokus på kva som er det beste for barnet, betyr at du må anerkjenne barnet som eit individ med eigne kjensler og tankar. Du må sjå barnet som eit likeverdig medmenneske med rettar på lik linje med vaksne. Det dreier seg om å sjå barnet som eit fullverdig menneske her og no. Du må handle ut frå ei forståing av at barn er sjølvstendige individ som deltek aktivt og er med på å påverke omgivnadene sine.
Når du tek utgangspunkt i det å gjere det beste for barna, bidreg du til å skape kvardagar der barn og unge trivst og er trygge. Når dei trivst og er trygge, vil det verke inn på lysta og motivasjonen deira til å vere aktive deltakarar i kvardagen. Då har dei òg auka moglegheit til å oppleve meistring.
Utfordringar til deg
- Kva forventningar trur du barn har til deg som barne- og ungdomsarbeidar?
- Kva forventningar trur du føresette/foreldre har til deg som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar?
- Kva forventningar trur du kollegaer har til deg som barne- og ungdomsarbeidar?
Bae, B. (2007). Å se barn som subjekt – noen konsekvenser for pedagogisk arbeid i barnehage. Regjeringen. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/tema/familie-og-barn/barnehager/artikler/a-se-barn-som-subjekt---noen-konsekvense/id440489/
Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager. (LOV-2005-06-17-64). Henta frå https://lovdata.no/dokument/nl/lov/2005-06-17-64
Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. (LOV-1998-07-17-61). Henta frå https://lovdata.no/dokument/nl/lov/1998-07-17-61
Utdanningsdirektoratet. (2020). Læreplan i Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag [Høringsutkast]. Henta frå https://hoering.udir.no/hoering/v2/1171