Profesjonell i det sosiale samspelet
Som barne- og ungdomsarbeidar går du dagleg inn i mange ulike relasjonar der du samarbeider både med barna og dei vaksne du jobbar saman med.
Ein relasjon oppstår i den augneblinken to menneske møtest. Vi kan forstå ein relasjon som den kontakten eller det forholdet som oppstår mellom menneske. I det daglege arbeidet med barna vil du og dei andre vaksne vere i ein sosial relasjon der de gjensidig påverkar kvarandre.
De som er vaksne, vil dele erfaringar og lære av kvarandre. I dette samspelet blir du kjend med og lærer dei reglane og normene (uskrivne reglar) som gjeld. I fellesskap med dei andre vaksne skal du jobbe for å realisere måla og verdiane av arbeidsplassen. Dette krev eit profesjonelt samspel mellom deg og dei andre du jobbar saman med.
I dette profesjonelle samspelet blir det kravd at du tek i bruk den faglege kompetansen du har. Faglege kompetanse er den praktisk-teoretiske kunnskapen du har tileigna deg gjennom utdanninga. Det vil seie at du i eit profesjonelt samspel legg private meiningar til side og tek på deg dei oppgåvene yrkesrolla krev. Det du seier og gjer, skal vere styrt av fagleg formålstenlege vurderingar og målsetjingar.
Det er viktig at relasjonane og samspelet mellom deg og barna og mellom deg og dei vaksne er godt. Du må vere klar over korleis du snakkar til og om andre. Derfor må du òg vere klar over ditt eige syn på andre personar, fordi det speglar seg av i korleis du oppfører deg mot dei. Dette er viktig fordi du er ein rollemodell og eit førebilete for barna. Alle daglege situasjonar og møte er moglege læringssituasjonar for barna, og dei lærer òg av korleis du snakkar om andre og korleis du oppfører deg.
I det profesjonelle arbeidet ditt vil du ha med deg ein del av personlegdommen din. Du er ikkje eit mekanisk menneske, og det er heller ikkje ønskjeleg at du skal opptre teknisk og mekanisk i møte med andre. Eit profesjonelt samspel med andre er avhengig av at du er i stand til å vere personleg i dette møtet. På den måten vil du òg bidra til at den du møter, får tillit til deg.
Personlegdommen din vil alltid vere ein del av deg, både på jobb og elles. På jobb som barne- og ungdomsarbeidar må du tenkje reflektert på din eigen personlegdom. Det er fordi dine eigne tankar, kjensler og handlingar er baserte på dine eigne verdiar, normer og haldningar. Som profesjonell skal du jobbe etter dei verdiane, reglane og normene som gjeld for arbeidsplassen din.
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du opptre profesjonelt. Det vil seie at den måten du opptrer på privat i fritida saman med vener og familie, ikkje alltid er i samsvar med jobben som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar. Privat ønskjer du å setje søkjelys på eigne behov og problem, dele eigne meiningar og opplevingar og få tilbakemeldingar på dette.
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar kan det til dømes vere naudsynt å la vere å seie eller gjere ting som du ville sagt eller gjort i ein privat relasjon. Å bli for privat i jobbsamanheng kan føre til at du ikkje opptrer profesjonelt i møte med dei andre, og du kan gløyme den jobben du er sett til å gjere.
For å bli kjend med dei andre vaksne du samarbeider med, kan det av og til vere naudsynt å dele noko av privatlivet ditt med dei, men det private må ikkje styre arbeidet ditt.
Som barne- og ungdomsarbeidar er du på jobb med heile deg. Det vil seie at du nyttar den faglege kunnskapen din i møte med andre og deltek med engasjement og interesse. For å få til gode sosiale relasjonar må du møte dei andre personleg.
Kunsten er å finne ein god balanse mellom det å vere profesjonell, personleg og privat. Dette er ikkje alltid like lett, men ved at du reflekterer og vurderer eigne tankar, haldningar og veremåte kritisk, blir du betre i stand til å vurdere kva som er ei profesjonell handling, og kva som er ei privat handling. Då har du òg moglegheit til å tilpasse deg til å bli meir profesjonell i arbeidet ditt.
Utfordringar til deg
- Kva for nokre personlege eigenskapar har du som du meiner er viktige i arbeid med barn og unge?
- Kva tenkjer du er privat i samband med arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar?
- Korleis kan du balansere mellom det å vere profesjonell, personleg og privat i arbeidet med barn og unge og med kollegaer?
Gotvassli, K. Aa. (2017). Boka om ledelse i barnehagen. Universitetsforlaget.
Hermansen, M., Løw, O. & Petersen, V. (2013). Kommunikasjon og samarbejde – i professionelle relationer. (3. utg.). Alinea.