Rollemodell
Orda rolle viser til den oppgåva du har fått, og modell betyr førebilete. Det betyr at du som barne- og ungdomsarbeidar er eit førebilete med gitte oppgåver.
Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere medviten di eiga rolle. Du er ein vaksenperson som barna møter i kvardagen sin. Barna vil sjå kva du gjer, og ta etter dette. Derfor er det viktig at du er medviten haldningane og verdiane dine og veremåten din. Barn gjer som du gjer, ikkje som du seier.
Det er derfor viktig å reflektere over kva slags rollemodell du ønskjer å vere. Du må tenkje over det du gjer i kvardagen og vurdere nøye dei verdiane og haldningane du ønskjer å fremje når du er saman med barn og unge. Viss barn og unge har vakse opp med rollemodellar som har vore snille, vennlege og hjelpsame, er sjansen større for at dei sjølv blir snille, vennlege og hjelpsame.
Ein god rollemodell handlar i tråd med regelverk og verdiar som er sette for yrket. Du må mellom anna vere tydeleg når det gjeld mellommenneskelege verdiar som likestilling, likeverd og respekt for andre.
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du tenkje på det følgjande:
Inngå i positive og sensitive samspel
Det handlar om å sjå barn og unge innanfrå og vise forståing for behova, kjenslene, ønska og åtferda deira. Det betyr at du må forstå at barn og unge handlar ut frå sitt eige perspektiv, og at det ikkje alltid er like lett for oss vaksne å forstå det ut frå synsvinkelen vår. Oppgåva di blir dermed å vise at du forstår kjenslene og åtferda til barn og unge som eit uttrykk for det indre livet deira. Dette blir på fagspråket kalla mentalisering.
Kunne vise empati
Å vere empatisk i møte med barn og unge handlar om at du kjenner igjen de kjenslene dei har. Oppgåva di er å forstå og leve deg inn i reaksjonane og kjenslene til den unge, og ut frå det vise empati.
Vise anerkjenning
Å anerkjenne betyr at du skal forstå og erkjenne behova, opplevingane og kjenslene til barnet. Du skal anerkjenne veremåten til barnet og la barnet sjølv få lov til å eige sine eigne kjensler, behov og opplevingar.
Lytte og sjå
Det handlar om å sjå og lytte til barn og unge som eit subjekt i sitt eige liv. Du må tenkje på at barn og unge er individ som kan forhalde seg til seg sjølv. Det gjer du ved å lytte, stille opne spørsmål og få til dialog om tankane og kjenslene deira.
Skape tillit og tryggleik
Tillit handlar om at barn og unge har ei tru på at du vil dei vel. Veremåten din må vere slik at barnet får tillit til deg. Tillit er sjølve grunnmuren for at barnet skal føle seg trygt. Det handlar om at du må vere til å stole på, halde ord, vere føreseieleg og vise at du vil barnet/unge det beste.
Setje grenser
Barn og unge treng alders- og modenheitstilpassa grenser. Det betyr at du reflekterer over kva slags grenser det bør vere, og korleis du kan setje klare og tydelege grenser for dei. Det er viktig for barnet å vite kva dei får lov til, og kva dei ikkje får lov til. Grensesetjing skjer med kjærleik når du er venleg bestemd.
Vise godheit og kjærleik
Barn og unge skal oppleve eit miljø prega av varme og kjærleik. Du må medvite jobbe alle barna inn i hjartet ditt, bli glad i dei og vise det med heile deg. Det gjer du ved å vere medviten behova til barna, lese kjenslene deira og anerkjenne dei som dei er.
Kommunisere tydeleg
Kommunikasjon handlar om det som skjer mellom menneske når vi møtest. Det betyr at du må passe på at det du seier med ord (verbalt) stemmer overeins med det du viser med kroppen (ikkje-verbalt). Utydeleg kommunikasjon skaper uvisse og mindre tryggleik.
Rettleie
Du vil møte barn og unge som ønskjer og treng rettleiing. Rettleiing handlar om ein målretta samtale der barnet eller den unge får moglegheit til å finne sine eigne svar og løysingar. Oppgåva di blir derfor å skape ein samtale der barn og unge utviklar forståing, ansvarskjensle og gode haldningar slik at dei blir i stand til å ta riktige avgjerder for seg sjølv. På den måten er du med på å styrkje sjølvkjensla deira og trua på eigne ressursar.
Skape meistring og motivasjon
Alt arbeid med barn og unge skal fremje meistring og motivasjon. Du skal leggje til rette for aktivitetar og leik som skaper meistringsopplevingar. Når barn og unge opplever meistring, aukar motivasjonen. Barn skal ikkje pressast til noko dei ikkje meistrar, så la dei i størst mogleg grad få leike og utvikle seg på sine eigne premissar.
Skape humor og glede
Du som jobbar med barn og unge, må òg stimulere til gledes- og humørfylte aktivitetar. Oppgåva di blir å oppmode til og gjennomføre aktivitetar som gir kjensla av glede og det å ha det moro saman. Smil og latter som barn, unge og vaksne deler i eit fellesskap, skaper tilhøyrsel, tillit og glede og er godt for den psykiske helsa vår.
Utfordringar til deg
- Kva verdiar og haldningar ønskjer du å vise når du er saman med barn og unge?
- Kva evner har du som du tenkjar er styrken din i møte med barn og unge?
Tenk på ein vaksenperson som du har opplevd var ein god rollemodell for deg.
- Kva gjorde denne personen?
- Kva fekk denne personen deg til å føle om deg sjølv?
Fallmyr, Ø. (2017). Følelseshåndtering og relasjonsbygging i skolen. Universitetsforlaget.
Vetland, B. E. & Aase, K. (2018). Kjenn deg selv som lærer – utnytt ditt potensial. Gyldendal Akademisk.