Hopp til innhald

Fagstoff

Sauehald om sommaren og hausten

Når beita blir klare utover våren, blir søyer og lam sleppte ut. Dei går på innmarksbeite rundt garden før dei blir sende vidare på utmarksbeite der dei går saman heile sommaren.
Søye med to lam på beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sommaren på beite

På utmarksbeite hentar sauane beiteressursar vi elles ikkje kunne brukt til å produsere mat til menneske, og dei hjelper til med å halde landskapet ope og hindrar attgroing. Noreg er eit land med veldig lite dyrka mark til matproduksjon, men vi har store utmarksareal. Derfor er sauen og andre beitedyr viktige for at vi skal kunne utnytte dei ressursane som finst i landet vårt.

Mens sauane går på utmarksbeite, kan innmarka brukast til fôrproduksjon for å sikre grovfôr til innefôringsperioden om vinteren. Bonden har plikt til å føre tilsyn med dyra på beite minst ein gong i veka i beiteperioden.

Grunnlaget for neste sesong blir lagd om hausten

Om hausten skjer det mykje i saueproduksjonen, og vi legg grunnlaget for neste sesong. Dyra blir henta heim frå utmarksbeite, og søyer og lam skilst. Nokre lam har allereie nådd ønskt slaktevekt (45–50 kg for norsk kvit sau, NKS) i løpet av tida på utmarksbeite, men nokre må gå på innmarksbeite ei stund til og kanskje støttefôrast med kraftfôr før dei er store nok til å sendast til slakt.

Ein flokk sauar som går på beite ved ein gard. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ein mann klipper ein sau. Foto.

Vi må òg avgjere kva søyer som skal vere med vidare i produksjonen, og velje ut kva for nokre av årets søyelam som skal inn i besetninga som avlsdyr. Desse kallar vi påsettlam.

Utpå hausten blir søyene tekne inn og blir klipte før paring. Vi planlegg paringstida ut frå når vi ønsker lamming om våren. NKS går drektig i 147–149 dagar, mens lettare rasar som spælsau har nokre dagar kortare drektigheitstid.

To nyklipte sauar som står i ein binge i eit fjøs. Foto.

For å førebygge spreiing av sjukdom hos sau er det dei seinare åra innført restriksjonar på transport av avlsdyr. Dette har gjort at kunstig inseminering har vorte meir utbreidd, sjølv om det ikkje er like lett å lykkast med kunstig inseminering hos sau som det er hos storfe. Det er framleis mest utbreidd med naturleg paring i saueproduksjon, og avlsarbeidet blir gjerne organisert gjennom såkalla vêrringar. Frå vêrringar kan ein leige inn vêrar med dei kvalitetane ein ønsker til besetninga si.

Etter paringstida handlar resten av hausten om å fôre søyene rett ut frå hald og alder, slik at dei er godt rusta gjennom drektigheitstida og fram mot lamminga.

Relatert innhald

I vinterhalvåret står dei fleste sauar inne og blir fôra med grovfôr, og dei får kraftfôr ved behov. Fôret er viktig for at sauen skal få nødvendig energi.

Her kan du sjå filmen «Beite og kulturlandskap» og gjera oppgåver knytte til filmen.

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Sau