Sauehald om våren – lamming
Akkurat når på våren det er lamming, avheng av når ein har paring på hausten. Dette planlegg ein ut frå når ein trur beita vil vere klare om våren, slik at sau og lam kan sleppast på beite 1–3 veker etter lamming. NKS går drektig i 147–149 dagar.
For å redusere stresset i lammingsperioden bør ein gjere mest mogleg klart på førehand. Bonden bør vere ekstra nøye med fôring dei siste seks til åtte vekene av drektigheitsperioden. Cirka 70 prosent av fosterutviklinga skjer i desse vekene, og det er energikrevjande for kroppen til søya. Fôr med for lite energi og næring kan gi sjukdom hos søya, lam med låg fødselsvekt og dårleg overlevingsevne og dårleg mjølkeproduksjon hos søya etter lamming. For kraftig fôring før lamming kan føre til for store foster, noko som kan gi lammingsvanskar. Søyene har ulikt energibehov avhengig av eigen alder, haldet dei er i, og talet på foster. Det er vanleg å ha fosterteljing ei stund før lamming, for å vite kor mange foster kvar enkelt søye ber, slik at ein kan planlegge fôringa deretter.
Søyene bør òg bli klipte nokre veker før lamming. Dette er for å betre hygienen i lammingsperioden. Det bør ikkje gjerast for tett opptil lamminga, fordi det fører til stress for søya, kan gi feilstilling hos lamma og skape lammingsvanskar.
I tillegg til fosterteljing, god fôrplanlegging og klipping bør ein òg gjere klart utstyret ein treng i lammingsperioden før lamminga startar.
Døme på utstyrsliste
grinder eller anna å bygge fødebingar av
lange og korte eingongshanskar til bruk ved fødselshjelp
glidemiddel
jod til spraying av navlestreng
termometer til undersøking av dyr som verkar sjuke
varmelampe og magesonde til handtering av slappe lam
mjølkepulver, tåteflasker og anna utstyr til kopplam
vaktlister (det trengst hyppig tilsyn i lammingsperioden)
overtrekkssklede til veterinær og andre besøkande
lammingslister eller anna noteringsutstyr
øyremerke og øyremerketong
utstyr til å vege dei nyfødde lamma med
I lammingsperioden er det hektisk i fjøset! Bonden må føre hyppig tilsyn for å følge med på når kvar enkelt søye startar lamminga, og for å kunne hjelpe til med fødselshjelp om det oppstår lammingsvanskar.
Når ei søye nærmar seg lamming, kan ein sjå det ved at ho skrapar med frambeina og vekslar mellom å legge seg og reise seg. Det vil først komme litt slim, og etter kvart vil fostervassblæra komme til syne. Då bør søya vere plassert i eigen binge.
Om alt går som det skal, blir lamma fødde med to utstrekte frambein og hovudet først. Dei kan også fødast med bakbeina først, men då bør fødselen gå forholdsvis raskt for seg fordi navlestrengen kan komme i klem i bekkenet til søya og hindre surstofftilgangen til lammet, før det kan byrje å puste sjølv.
Nokre gonger oppstår det lammingsvanskar. Det kan komme av feilstillingar som eit tilbakeslått frambein, fleire lam i fødselskanalen samtidig eller store foster. Då gjeld det at bonden er rutinert og kan identifisere kva som skaper vanskane, slik at han eller ho kan rette det opp eller hjelpe søya på rett måte.
Filmen under viser ei søye som ligg med tydelege vear, korleis søya sleiker det nyfødde lammet, og lamma som søker etter juret.
Dei nyfødde lamma vil raskt vere på beina og søke etter juret for å finne mjølk, viss alt er som det skal. Den første mjølka søya produserer, blir kalla råmjølk. Ho er ekstra næringsrik og inneheld masse antistoff som lamma treng for å bygge opp immunsystemet. Derfor er det veldig viktig at dei byrjar å ete i løpet av den første timen, og at dei får i seg nok råmjølk.
Nokre lam treng litt hjelp for å finne spenen, mens andre kan vere slitne etter ein hard fødsel, eller vere fødde litt små og svake. Då må bonden følge godt med og hjelpe lammet til spenen eller eventuelt mjølke søya og gi lammet mjølk frå flaske. Viss lammet er så slapt at det ikkje klarer å drikke av flaske med smokk, kan det òg bli nytta magesonde. Det viktigaste er at lammet får i seg råmjølka. Det er òg viktig å hjelpe lamma med å halde oppe kroppstemperaturen viss dei er i dårleg form. Lam som ikkje et, blir fort kalde, og lam med låg kroppstemperatur blir endå slappare. Tørt og trekkfritt underlag er viktig, og eventuelt ei varmekjelde som til dømes ei varmelampe ved behov.
Ved fødsel blir talet på lam søya får, notert, og kva kjønn dei har. I tillegg er det vanleg å notere korleis fødselen har gått, og om det har oppstått noko utanom det vanlege. Når lamma er omtrent eit døgn gamle, blir dei merkte med øyremerke og vegne.
Kopplam er lam som av ein eller annan grunn ikkje kan gå med søya, og som blir fôra med mjølk. Det kan vere ulike årsaker til at lam blir kopplam. Dei kan til dømes komme frå store kull. Det er ikkje vanleg å la søya gå med meir enn to eller tre lam, og får ho fleire enn dette, er det vanleg å ta nokre til kopplam. Andre årsaker kan vere sjukdom eller død hos søya. Kopplam går gjerne saman i flokk og blir fôra med flaske nokre dagar, før dei lærer å drikke mjølk frå ei bøtte med smokkar eller frå automat. Det er vanleg å fôre dei med mjølkeerstatning, men det er viktig at desse lamma òg får i seg råmjølk i løpet av dei første levetimane sine.
Når lamma er nokre dagar gamle, får søye og lam komme ut av lammingsbingen og blir slegne saman med resten. Det blir mange dyr i fjøset etter kvart som alle søyene lammar, og smittepresset aukar. Ein ønsker å sleppe ut dyra 1–3 veker etter at lamma er fødde, så snart beita blir klare og vêret tillèt det. Sauane går gjerne på innmarksbeite rundt garden den første delen av beitesesongen, før dei blir sende vidare på utmarksbeite, der søyer og lam går saman heile sommaren.
Relatert innhald
I vinterhalvåret står dei fleste sauar inne og blir fôra med grovfôr, og dei får kraftfôr ved behov. Fôret er viktig for at sauen skal få nødvendig energi.