Hopp til innhald
Fagartikkel

Sau – reproduksjon og avl

Både paring og fødsel går som oftast føre seg mens sauane er innandørs. Søyene viser brunst og er paringsvillige seint på hausten, i november eller desember. Søyene er drektige i 150 dagar eller snautt det.

Paring

Vi planlegg paringa slik at lamminga skjer om lag tre veker før vi slepp sauane på beite. Det er sjølvsagt ikkje lett å vite i november når våren kjem året etter, men vanlegvis går det ganske bra å treffe tidspunkta for paring, fødsel og beiteslepp. Avlsarbeidet med sau er ofte organisert i såkalla vêrringar, der fleire sauehaldarar nyttar dei beste vêrane systematisk.

Inseminering

For å førebygge spreiing av sjukdom hos sau er det dei seinare åra innført restriksjonar på transport av avlsdyr. Dette har gjort at kunstig inseminering har vorte meir utbreidd, sjølv om det ikkje er like lett å få kunstig inseminering til å fungere hos sau som det er hos storfe.

Fôring når søyene er drektige

Mot slutten av drektigheitstida er det tilrådd å gruppere søyene etter alder og talet på foster. Då kan vi i best mogleg grad tilpasse fôringa til næringsbehovet. Særleg er drektige åringar krevjande, sidan dei både skal ha næring til foster og nye lam og har behov for næring til eigen tilvekst. Det kan diskuterast om lamma bør bli bedekte i det første leveåret sitt, men på grunn av lønnsemd og produktivitet blir dette vanlegvis tilrådd.

Lamming

I lammingsperioden trengst det hyppige tilsyn i sauefjøset. Ofte er det behov for hjelp under fødselen, eller dei nyfødde lamma kan trenge ekstra oppfølging. I filmen under er det døme på korleis det er laga fødebingar til sauane.

Video: Nina Kaspersen / CC BY-SA 4.0


Diskuter

Nemn viktige argument for og imot å bedekke lam den første hausten dei lever.

Hugselappen

Vêrringar samarbeider om gode avlsdyr. For å unngå smitte av sjukdom har inseminering vorte meir vanleg på sau.

Sauane blir para om hausten, og lamminga går føre seg nokre veker før beiteslepp.

Relatert innhald

Fagstoff
Får

Får er fellesnemninga på kjøt frå sau og lam. Det blir nytta mest lammekjøt i dag, men òg sauekjøtet er godt kjøt som eignar seg til mange retter.