Hopp til innhald

Fagstoff

Sauerasar i Noreg

Sauehald har lange tradisjonar Noreg. Vi har mange gamle, heilnorske rasar som har vorte avla fram lokalt rundt om i landet. Etter kvart som produksjonen har vorte meir intensiv, har det vorte avla fram kryssingsrasar.
Søye med lam på beite med tre og blå himmel i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå gamle rasar til produksjonsdyr

Mange held framleis dei gamle rasane, og det finst eigne raselag for bevaring av desse. Dei fleste som driv stort med sau i Noreg i dag, har likevel gått over til meir effektive produksjonsdyr som blir avla for at dei i størst mogleg grad skal oppfylle avlsmål knytte til tilvekst, fôrutnytting, helse og fruktbarheit. Desse kryssingsrasane, eller "syntetiske rasane", er avla fram med fokus på produksjonseigenskapane vi treng for å få eit godt resultat.

Under finn du ein skildringane av nokre av sauerasane vi har i Noreg, men det finst mange, mange fleire, alle med litt ulike eigenskapar og utsjånad, og til ulike formål.

Norsk kvit sau

Norsk kvit sau (forkorta NKS) er den mest talrike sauerasen vi har i Noreg i dag. I 2021 var litt under 67 prosent av sauane i Sauekontrollen registrerte som NKS.

NKS er ein "syntetisk rase" som har vorte avla fram gjennom kryssingar av mellom anna rasane dalasau, rygjasau og steigarsau og dessutan nokre utanlandske rasar. Rasen er effektiv, med høgt fôropptak, gode lammetal og god tilvekst, i tillegg til god kjøttfylde. Det er derfor den rasen flest vel for effektiv produksjon av lammekjøtt.

Sau som står i en eng med gras
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spælsau (kvit og farga)

Spælsau er ein norsk rase, av lettare type, og med mindre kjøttfylde enn NKS. Han er lettbeint, hardfør og nøysam og har god flokkdynamikk. Dei har gode moreigenskapar og lite lammingsvanskar.

Sauekontrollen deler rasen i to: kvit spælsau og farga spælsau. Totalt utgjorde desse 13 prosent av sauane i Sauekontrollen i 2021.

Ein flokk kvit spælsau som står tett saman. Foto.

Gammalnorsk spælsau

Gammalnorsk spælsau er ein etterkommar av den gammalnorske sauen og er dermed eit av dei mest opphavlege rasane vi har. Han er ein eldre rase enn spælsau, sjølv om dei har same opphav. Han er lett til beins, har sterkt flokkinstinkt og er hardfør, noko som gjer han godt eigna i terreng og på utegang.

Denne rasen er lettare bygd enn NKS og dei meir moderne spælrasane, og han får færre lam. Men han har sterkt morsinstinkt og lette lammingar. Gammalnorsk spælsau kjem i mange fargevariantar, og både søye og vêr kan ha horn eller vere kolla (utan horn).

Bla deg gjennom bileta under og sjå døme på ulike variantar av gammalnorsk spælsau.

Rasen har vore nær utrydding ved fleire høve, men sidan midten av 2000-talet har vellykka avlsarbeid sørgt for å redde rasen. I dag er cirka 6 prosent av sauane i Sauekontrollen registrerte som gammalnorsk spælsau.

Dalasau

Dalasau er ein rase som vart avla fram i Hordaland på starten av 1900-talet. Han er grovbygd og storvaksen og gir mykje god ull. Dalasauen er jamt over kvit i ulla og har god kjøttfylde. Den er ein av rasane som er brukte i kryssingane som har gitt oss norsk kvit sau.

For nokre år sidan var cirka 6 prosent av sauane i Sauekontrollen registrerte som dalasau, men fleire av desse var kryssingar som eigentleg høyrde til i rasen NKS. I 2021 var 0,8 prosent av sauane i Sauekontrollen registrerte som dalasau.

Stor dalasau som ligg i graset. Foto.

Rygjasau

Rygjasau er ein rase med opphav i Rogaland, med innslag av utanlandske rasar. Han er litt mindre enn dalasauen. Han er kvit i ulla, men kan ha innslag av svarte flekkar i hårlaget på bein og nase, noko som òg kan dukke opp hos rasen NKS, sidan rygjasauen òg er blant rasane som er brukte i kryssinga der.

I 2021 var 0,8 prosent av sauane i Sauekontrollen registrerte som rygjasau.

Fire rygjasauar framfor eit steingjerde. Foto.

Steigar

Steigarsauen har opphav i Nordland og er rekna som ein produktiv sau. Han har god kjøttfylde og kvit ull. Han er noko kortare i kroppen enn dalasau og rygjasau og har lett konkav naserygg.

I 2006 var 5 prosent av søyene i Sauekontrollen registrerte som steigar, men i 2021 hadde dette talet minka til 0,3 prosent, fordi mange av sauane var kryssingar som det var rettare å plassere som NKS. Steigar er ein av dei norske rasane som har vorte brukte i kryssingane for å avle fram norsk kvit sau.

Steigarsøye på beite i sol. Foto.

Utanlandske rasar

Det finst òg ein del sauerasar som har opphav i andre land. Dei viktigaste for norsk saueavl er sjeviot, texel, oxford down, merino og finsk landsrase. Alle dei ulike sauerasane har spesielle eigenskapar knytte til produksjon og bruksmåte.

Sau med mykje og tjukk ull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Animalia. (2022, 5. april). Årsstatistikk Sauekontrollen. https://www.animalia.no/globalassets/sauekontrollen---dokumenter/statistikk-arsmelding-offentlig-versjon.pdf

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Sau