Hopp til innhald

Fagstoff

Sau: åtferd, fôring og stell

Sauen er eit utprega beitedyr. Avhengig av klima og vêr kan sauen gå ute på beite i fem til åtte månader av året dei fleste stader i landet. Moderne sauerasar blir haldne inne i uisolerte hus gjennom den verste vinteren. Nokre stader går enkelte sauerasar – fortrinnsvis villsau – ute heile året.

Den mest vanlege driftsforma legg opp til at lamma blir fødde om lag tre veker før det vanlegvis er høveleg å sleppe dei på . Etter ein gradvis overgang frå innefôring til beite går dyra på innmarksbeite i nokre veker før dei blir sleppte i . Når det skjer, kjem sjølvsagt an på kvar utmarka ligg, og når planteveksten kjem i gang der.

Beite

Nokre sauar går på innmarksbeite heile sommaren, mens andre blir sleppte på beite i skog eller ravinelandskap i låglandet. Men ein stor del av norske sauar beiter i fjellområda om sommaren. På mange slike fjellbeite trekker sauane oppover i landskapet etter kvart som snøen smeltar og planteveksten kjem i gang. På den måten er dei sikra friske beite med unge og næringsrike planter det meste av sesongen. Der sauen beiter i fjell og anna utmark, er det vanleg å organisere sanking om hausten for å samle dyra og få dei anten i hus eller leverte til slakt. Nokre gonger er det føremålstenleg at dei går ei stund på innmarksbeite igjen om hausten, før dei blir tekne inn eller slakta. Sauane blir gjerne klipte før dei blir slopne ut på beite eller blir tekne inn, eventuelt før slakting.

Tap

I og med at sauane beiter i utmark, er det ikkje til å unngå at vi mistar ein del dyr gjennom beitesesongen. I gjennomsnitt går mellom 5 og 10 prosent av lamma tapt. I nokre område i landet kjem dette av at mange blir tekne av rovdyr, mens det i andre område er sjukdommar og skadar som er den viktigaste dødsårsaka.

Fôr

Sauane tek opp store delar av det fôret dei treng, på beite, men dette gir ikkje nok næring året rundt. Mange haustar mykje på utmarksbeite, men bør gjerne få tilgang til næringsrikt innmarksbeite vår og haust. På vinterstid må dei ha konservert grovfôr, anten i form av surfôr eller høy. Vi må som regel òg gi sauane noko tilskot av kraftfôr for at dei skal produsere så mykje og så raskt som vi treng for å oppnå rimeleg lønsemd. Spesielt er søyene avhengige av ekstra energi i tida like før og etter lamming. Søyer som er magre mot slutten av drektigheitstida, kan vere utsette for ein sjukdom som blir kalla drektigheitsforgifting.

Fleire lam rundt ei drikkebøtte, det eine drikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lamma bør gjerne òg få noko kraftfôr for å kome godt i gang, med mindre dei har tilgang på særleg godt og næringsrikt vårbeite. Det har vist seg at god og rask tilvekst om våren gjer lamma betre i stand til å ta opp og utnytte beite i løpet av sommaren, slik at høg vekt ved beiteslepp som regel òg resulterer i høg vekt ved sanking om hausten. I dei periodane då sauane ikkje får kraftfôr, er det viktig å sørge for tilskot av mineral og vitamin. Medviten bruk av saltslikkestein kan vere eit godt hjelpemiddel for å kunne følge og ha tilsyn med sau som går på utmarksbeite.


Fakta om sau

Ved inngangen til 2021 var det i overkant av 13 500 besetningar med sau her i landet. Det vil seie at det er nokre fleire besetningar med sau enn med storfe. Vi har hatt i underkant av éin million vinterfôra sauar dei siste åra. Kvar søye får i gjennomsnitt litt over 1,6 lam og produserer vel 70 kg kjøtt per år. I 2020 vart det produsert 24 561 tonn sauekjøtt i Noreg. Det blir produsert om lag 4000 tonn ull i året.

Diskuter

Nokon hevdar at sidan sauen likevel skal døy og bli eten, er det likegyldig om han blir drepen av rovdyr eller på slakteriet. Kva synest du om denne utsegna? Grunngi svaret.

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2021, 23. april). Husdyrhald. https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus

Relatert innhald

Dette er ei enkel innføring i utstyr og material til toving, som du kan bruke som utgangspunkt til spennande eigendesigna produkt.

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Sau