Hopp til innhald
Fagartikkel

Sauehald i Noreg

Sauekjøtt utgjer cirka åtte prosent av den totale kjøttproduksjonen i Noreg, og inntektene frå sauehald kjem frå kjøtt og ull. Den vanlegaste rasen i Noreg blir kalla NKS, som står for Norsk kvit sau.

Saueproduksjonen følger eit fast årshjul der ulike ting skjer i dei ulike årstidene. God planlegging av heile året er viktig for at produksjonen skal fungere. Det bonden gjer den eine delen av året, påverkar det som skjer den andre delen, og det er viktig at ting skjer til rett tid for eit optimalt resultat.

Vi reknar gjerne hausten som starten av året i saueproduksjonen, for her blir grunnlaget lagt for det neste året, med utveljing av kva søyer vi skal avle vidare på, paring og oppfôring mot neste lamming. I tillegg er det avslutninga på førre sesong, ved at årets lam blir sende til slakt.

Vinteren handlar hovudsakleg om rett fôring av søyene som går drektige, og førebuingar til lamminga. På våren får sauane lam, og om sommaren går søye og lam saman på beite.

I dette emnet lærer du om åtferda til sauen og om fôring og stell av sau i dei ulike delane av året. Du lærer òg om avl og reproduksjon.