Hopp til innhald

Fagstoff

Får

Får er fellesnemninga på kjøt frå sau og lam. Det blir nytta mest lammekjøt i dag, men òg sauekjøtet er godt kjøt som eignar seg til mange retter.
Lammelår på ei fjøl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sau eller lam?

Frå sauen blir fødd og til han er rundt eitt år gammal, blir han kalla eit lam, og mens han berre drikk morsmjølk, blir han kalla eit dielam. Dielammet har lyst og delikat kjøt med litt søtpreg. Lammet har mørkare kjøt og litt strammare smak.

Når lammet har vorte eitt år gammalt, blir det kalla ein sau. Sauekjøtet er litt kraftigare på smak enn lammekjøtet, og det må kokast litt lenger for å bli mørt, men kan nyttast til dei same rettene som lam.

Kvalitet på norsk lam

Norsk lam er ei råvare vi kan vere stolte av. Lamma våre går lenge ute på beite og et mange ulike vekstar. Dei rører seg mykje, og dette gir eit kjøt som har god kjøtfylde, er passe feittmarmorert og har nydeleg smak. Lam frå ulike delar av landet får gjerne sitt eige særpreg alt etter om det har beita langs kysten eller i fjellet.

Næringsinnhald

Lammekjøt er ei god kjelde til protein av høg kvalitet, det er rikt på sink og jern og B-vitamin. Lammekjøt inneheld ein del feitt, men både lammelår og lammeryggen er enkel å skjere til slik at det blir magrare.

Sesong for lam

Hausten er den store sesongen for lam. Då er det slaktetid, og vi får ferskt kjøt i butikkhyllene. Til jul er det mange som et pinnekjøt som julemiddag og lammerull som pålegg. På Vestlandet er smalahove tradisjonsrik julemat. Mange forbind òg påska med heilsteikt lammelår.

Stykkingsdelane

Kjelde

MatPrat. (2020). Oppdelingsguiden. https://www.matprat.no/oppdelingsguiden/

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2020

Læringsressursar

Kjøt som råstoff