Hopp til innhald
Fagartikkel

Svin

Svinekjøt er det kjøtslaget vi et mest av i Noreg. Det er mildt i smaken og gir derfor store variasjonsmoglegheiter ved at det passar saman med mange ulike krydder og råvarer. I tillegg er kjøtet mørt, noko som gjer at det kan lagast til raskt.

Rasar

I Noreg er dei mest vanlege rasane norsk landsvin, norsk yorkshire og duroc. Merkevara Edelgris frå Gilde er ei blanding av dei tre rasane og er avla fram med litt høgare feittinnhald i muskulaturen for betre smak.

Hanngrisen blir kalla råne, og hogrisen blir kalla purke eller sugge.

Næringsinnhald

Svinekjøt er ei god kjelde til protein av god kvalitet og har òg ein del B-vitamin, sink, fosfor, kalium og selen. Dei ulike dyreslaga har ulik feittsyresamansetjing. I svinekjøt er om lag 60 prosent av feittet umetta feitt, resten er metta feitt. Mesteparten av feittet sit på utsida og er derfor lett å skjere vekk om du ønskjer det. Reinskore svinekjøt er det magraste kjøtet frå svin og inneheld 2–5 prosent feitt.

Sesong for svinekjøt

Svinekjøt er tilgjengeleg heile året, og vi et det både til kvardags og fest. Til julemiddagen er det mange som serverer juleribbe med medisterpølser og medisterkaker. Julesylte er òg tradisjonelt pålegg som blir laga av svin.

Til kvardags er det lett å slengje nokre skinkeskiver på brødskiva eller smørje med leverpostei. Til middag ønskjer vi det kanskje kjapt og enkelt, då passar det fint med kotelettar eller strimla svinekjøt i ein wok. På 17. mai og i barnebursdagar blir det ofte servert pølser. Det blir i det heile ete mykje svinkjøt i Noreg, men ikkje alle et det. Muslimar og jødar et av religiøse årsaker ikkje svinekjøt.

Stykkingsdelar og bruk

Kjelde

MatPrat. (2020). Oppdelingsguiden. https://www.matprat.no/oppdelingsguiden/

CC BY-SA 4.0Skrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020