Hopp til innhald
Oppgåve

Vinterfôring av sau

I vinterhalvåret står dei fleste sauar inne og blir fôra med grovfôr, og dei får kraftfôr ved behov. Fôret er viktig for at sauen skal få den energien han treng. Her kan du rekne på kor mykje fôr ein saueflokk treng i den første delen av innefôringa (lågdrektigheitsperioden).

Vinterfôring

I denne perioden er det hovudsakleg tre behov som skal dekkast:

  • vedlikehald

  • tilvekst/haldoppbygging

  • fosterutvikling

Energibehovet til sauen og energiinnhaldet i fôret blir oppgitt i eininga FEm. FEm står for fôreining mjølk og er nemninga vi bruker på energiinnhald i fôr og energibehovet til sau, geit og storfe.

Gruppering

Fordi dei ulike gruppene har litt ulikt energibehov, er det vanleg å dele inn besetninga i grupper etter det dei har behov for. På den måten kan vi fôre kvar gruppe etter behov, og vi sørger for at alle får det dei treng, utan at nokon får meir enn nødvendig. Dette er ein fordel både for dyra og for økonomien.

Vedlikehaldsbehov og energi til tilvekst og haldoppbygging

Alle dyr har behov for ei viss mengde energi for å halde oppe mellom anna kroppsvekt, kroppstemperatur og livsfunksjonar. Dette kallar vi vedlikehaldsbehovet.

I tillegg til det daglege vedlikehaldsbehovet treng nokre av søyene ekstra energi. Dei yngste søyene skal framleis vekse ein del i storleik og treng energi til dette (tilvekst). Nokre vaksne søyer er litt tynnare enn dei burde vere, og dei treng ekstra energi for å legge på seg (haldoppbygging).

Dagleg energibehov til vedlikehald, tilvekst og haldoppbygging for ulike grupper

Aldersgruppe

Behov til vedlikehald i FEm

Behov til tilvekst/haldoppbygging i FEm

påsettlam/eittåringar

0,6

0,4

toåringar

0,8

0,2

vaksne søyer

0,9

0
vaksne søyer i dårleg hald0,90,4

Oppgåve

  1. Bruk tala i tabellen over, og finn ut kva det totale daglege energibehovet til dei ulike gruppene er.

  2. Tenk deg at du har ei sauebesetning med 150 søyer. Aldersfordelinga er som følger:

    • 25 påsettlam/eittåringar
    • 25 toåringar
    • 100 vaksne søyer, og 10 av desse er i litt dårleg hald

    Lag eit forslag til korleis du vil gruppere besetninga i lågdrektigheitsperioden, og grunngi forslaget ditt.
    Diskuter forslaga i klassen og samanlikn. Kva likskapar og forskjellar er det i forslaga?
  3. Grovfôret du skal bruke i denne perioden, har eit energiinnhald som gjer at 2,6 kg fôr svarer til 1 FEm. Kor mykje grovfôr må du gi dei ulike gruppene dine kvar dag for å dekke behovet deira?

  4. I lågdrektigheitsperioden ønsker vi å fôre med mest mogleg grovfôr (surfôr eller høy) og bruke minst mogleg kraftfôr. Diskuter: Kvifor trur de vi ønsker å bruke så lite kraftfôr som mogleg?

Relatert innhald

Fagstoff
Vinterfôring av sau

I vinterhalvåret står dei fleste sauar inne og blir fôra med grovfôr, og dei får kraftfôr ved behov. Fôret er viktig for at sauen skal få nødvendig energi.

CC BY-SA 4.0Skrive av Helle M.S. Johannessen og Ingrid Ellen Resell.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2024