Vinterfôring av sau
Vinterfôringa startar når du tek inn sauane frå beite om hausten. Lengda på beitesesongen varierer mykje i landet vårt. For nokon startar vinterfôringa allereie i september/oktober, mens i andre delar av landet kan beitesesongen strekke seg langt ut i november. Det kan òg vere store variasjonar frå år til år.
Gjennom vinteren er det hovudsakleg tre behov som skal dekkast:
vedlikehaldsbehov
behov til tilvekst/haldoppbygging
behov til fosterutvikling
Alle dyr har behov for ei viss mengde energi for å halde oppe mellom anna kroppsvekt, kroppstemperatur og livsfunksjonar. Dette kallar vi vedlikehaldsbehovet. Får ei søye i seg mindre energi enn det som skal til for å dekke vedlikehaldsbehovet, vil ho gå ned i hald, altså bli tynnare. Vedlikehaldsbehovet er ulikt for dei ulike aldersgruppene, mellom anna på grunn av storleiken til dyra.
Dagleg vedlikehaldsbehov for dei ulike aldersgruppene
Vedlikehaldsbehovet heng saman med kroppsstorleik, så eldre søyer vil ha litt høgare vedlikehaldsbehov enn yngre, fordi dei er større.
Aldersgruppe | Energibehov i FEm |
---|---|
påsettlam/eittåringar | 0,6 |
toåringar | 0,8 |
vaksne søyer | 0,9 |
I tillegg til det daglege vedlikehaldsbehovet treng nokre av søyene ekstra energi. Dei yngste søyene skal framleis vekse ein del i storleik og treng energi til dette (tilvekst). Nokre søyer er litt tynnare enn dei burde vere, og dei treng ekstra energi for å legge på seg (haldoppbygging).
Dagleg energibehov til tilvekst og haldoppbygging for ulike søyer
I tabellen under kan du sjå kor mykje energi som trengst for å sikre tilvekst hos yngre søyer og haldoppbygging hos eldre. Dette behovet kjem i tillegg til vedlikehaldsbehovet.
Gruppe | Energibehov i FEm |
---|---|
påsettlam/eittåringar | 0,4 |
toåringar | 0,2 |
vaksne søyer i dårleg hald | 0,4 |
vaksne søyer i normalt hald | 0 |
Innefôringsperioden deler vi opp i to delar. Perioden frå paring og fram til cirka åtte veker før lamming kallar vi lågdrektigheitsperioden. Då treng vi berre å ta omsyn til alder og hald når vi grupperer og fôrar. Den siste tida fram mot lamming kallar vi høgdrektigheit.
Gruppedeling
Fordi søyene i dei ulike gruppene har litt ulikt energibehov, er det vanleg å dele inn besetninga i grupper etter det dei har behov for. På den måten kan vi fôre kvar gruppe etter behov, og vi sørger for at alle får det dei treng, utan at nokon får meir enn nødvendig. Dette er ein fordel både for dyra og for økonomien.
Lågdrektigheit
Dei første tre månadene etter lamming treng ikkje søyene ekstra energi til fosterveksten, så det er vanleg å dele flokken etter alder og hald. Kor mange grupper du deler dei inn i, er avhengig av kor mange bingar du har, og om du har høve til å dele bingane for å lage fleire grupper. Det er vanleg å dele søyene i desse fire gruppene:
Gruppe | Beskriving | Behov/tiltak? |
---|---|---|
Eittåringar | Søyer som skal få sitt første lam når dei er eit år gamle. | Desse er berre rundt sju månader ved paring, så dei treng forholdsvis mykje energi til eigen tilvekst. Dei vil ikkje kunne konkurrere med eldre søyer om fôret og bør vere i ei eiga gruppe. |
Toåringar/gimrar | Søyer som framleis ikkje er heilt utvaksne. | Mange av desse søyene skal lamme for andre gong når dei er to år gamle. Dei treng framleis litt ekstra energi til å vekse, men viss du set dei saman med eldre søyer, vil dei bli taparar i kampen om fôret. Derfor bør du ha ei eiga gruppe for toåringane òg. |
Vaksne søyer, dårleg hald | Søyer som er to år og eldre, og som har mista mykje hald. | Desse har mista mykje hald fordi dei har hatt fleire lam og produsert mykje mjølk eller fordi dei har vore sjuke. Dei bør setjast i ei eiga gruppe for å kunne bygge seg opp før neste lamming. |
Vaksne søyer, normalt hald | Søyer som er to år og eldre. | Desse treng ekstra fôr til haldoppbygging. Dei bør ikkje setjast saman med yngre søyer og tynne søyer, men grupperast saman med andre jamstore søyer. |
Energi til fosterutvikling
Dei siste seks til åtte vekene før lamming blir behovet for energi til fosterutviklinga større, og søyene bør omgrupperast etter kor mange lam dei er drektige med. Du bør òg ta omsyn til alder og hald på søyene når du omgrupperer. Vi kan bruke ultralyd for å finne ut kor mange foster kvar enkelt søye har.
Tilrådd fôring dei siste åtte vekene før lamming (høgdrektigheit)
Etter fosterteljinga grupperer du søyene etter kor mange lam dei ventar, slik at du har kontroll på fôringa og veit at alle søyene får den næringa dei treng til fosterveksten. Dei skal framleis dekke næringsbehovet til eige vedlikehald og tilvekst, og i tillegg treng søyene no litt ekstra næring til fosterveksten.
Talet på lam | Ekstra FEm 7–8 veker før lamming | Ekstra FEm 5–6 veker før lamming | Ekstra FEm 3–4 veker før lamming | Ekstra FEm 1–2 veker før lamming |
---|---|---|---|---|
1 | 0,1 | 0,2 | 0,3 | 0,4 |
2 | 0,2 | 0,3 | 0,6 | 0,8 |
3 | 0,3 | 0,4 | 0,8 | 1,0 |