Hopp til innhald

Fagstoff

Beiting

Denne filmen handlar om beiting og kulturlandskap. Vi møter ein bonde og får sjå korleis han utnyttar areala rundt garden til beite. I filmen forklarer han kvifor han meiner det er viktig å ha dyra på beite. I filmen treffer vi også ein forskar som fortel om beitemark.

Oppgåve A: Omgrep som er brukte i filmen

Kva er:

  1. beite?
  2. beitemark?
  3. fulldyrka areal?
  4. vegetasjon?
  5. kjøtkvalitet?
  6. dyrevelferd?
  7. ravinelandskap?

Oppgåve B: Fakta frå filmen

  1. Kva slags areal bruker dei til beite på denne garden?
  2. Kva skjer med vegetasjonen når vi ryddar eit nytt beite?
  3. Kva er det dyra et når dei beiter?
  4. Beitemarker kan vera artsrike. Kva er årsakene til det?
  5. Korleis vert kjøtkvaliteten påverka av at dyra går på beite?
  6. Kva har beite å seia for dyrevelferda?

Oppgåve C: Kvifor skal vi ha dyra på beite?

Set opp ei liste over dei argumenta som kjem fram i filmen, for å ha dyr på beite.

Oppgåve D: Finn ut meir

Vi skil mellom utmarksbeite og innmarksbeite.

  1. Kva er forskjellen på dei to typane beite?
  2. Er det innmarksbeite eller utmarksbeite vi ser i denne filmen?

Oppgåve E: Diskuter!

  1. Kva er eit kulturlandskap? På kva måte påverkar beiting kulturlandskapet?
  2. I filmen vert det sagt at fulldyrka areal ikkje bør brukast til beite. Kvifor ikkje?
  3. Korleis kan bruken av beite vera ein berekraftig måte å produsera mat på?
CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2017

Læringsressursar

Husdyrhald