Hopp til innhald

Fagstoff

Fordøying hos dyr

Husdyrernæring er fordøying og utnytting av næringsstoffa i fôret. Husdyrernæring er heilt sentralt for god dyrehelse, sunn produksjon og trivsel hos husdyra våre. Lær meir om fordøying og fôring av dyr med denne filmen og oppgåvene.

Oppgåver til filmen


  1. Kvifor er det viktig for alle som jobbar med dyr, å ha kunnskap om fordøyingssystemet og ernæringa til dyret?
  2. Forklar kvifor ulike dyreslag har ulik utforming av fordøyingskanalen.
  3. Set opp ei oversikt over dyreslaga i filmen. Noter for kvart dyr

    1. om dyret er einmaga eller fleirmaga
    2. korleis fordøyinga hos dette dyreslaget fungerer (Du kan lage ei punktvis liste.)
    3. kva slags fôr dette dyret kan ete
  4. Vel deg ut eitt eller fleire dyreslag som ikkje er med i filmen. Finn ut kva slags fordøyingssystem dyret har, og kva slags fôr det kan ete.
  5. Ta utgangspunkt i eit husdyrhald du kjenner, til dømes dyr de har på skulen, og finn ut meir om fôret dyra får. Stikkord: kva slags fôr får dyra, kor mykje, kva består fôret av?

Test deg sjølv: Kan du desse omgrepa?

Relatert innhald

Dyr har ulike typar fordøying. Vi skil mellom einmaga og fleirmaga dyr. Veit du kva slags mage ulike dyreslag har? Test deg sjølv med denne oppgåva.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Husdyrhald