Hopp til innhald

Fagstoff

Sikker dyrehandtering

I denne filmen ser vi korleis vi kan jobbe på ein sikker måte når vi steller store dyr. Målet med sikker dyrehandtering er å redusere talet på ulykker og yrkeslidingar og dermed sikre trivsel og lønsemd i næringa.

Oppgåver til filmen

  1. Kva kan vere årsaka til at ulykkesstatistikken i landbruket har endra seg frå først og fremst å gjelde ulykker med store maskiner til meir og meir å knyte seg til handtering av store dyr?
  2. I kva situasjonar skjer dei fleste ulykker ved handtering av storfe?
  3. Forklar kvifor det er viktig å bruke mykje tid på dyra når dei er små.
  4. Kva vil det seie å fiksere eit dyr? I kva situasjonar kan vi ha bruk for å fiksere ei ku?
  5. Ein risikoanalyse seier noko om dette:
    Kva kan skje?
    Kor sannsynleg er det?
    Kva er konsekvensen viss noko skjer?
    Korleis kan vi førebyggje dei ulike hendingane?
    1. Finst det ein slik risikoanalyse i fjøset på skulen eller andre fjøs du kjenner til?
    2. Basert på det du lærte i filmen: Set opp ein risikoanalyse over dei farlegaste situasjonane i fjøset og korleis hendingane kan førebyggjast.
  6. Ta utgangspunkt i fjøset på skulen eller eit anna fjøs du kjenner. Kva finst av utstyr for sikker dyrehandtering i dette fjøset?
  7. Forklar korleis du kan flytte eit dyr ved bruk av kunnskap om balanselinja hos dyret. I kva situasjonar vil du ha bruk for desse evnene?
  8. Kva bør du tenkje på når du går rundt i eit fjøs?
  9. Når vi handterer dyr, er det viktig at vi les dyret før vi nærmar oss. Gi døme på signal du kan få frå dyret.
  10. Beskriv korleis du kan prege ein hest slik at han blir sikker og trygg.
  11. Forklar korleis du vil nærme deg ein hest.
  12. Kvifor er det viktig at vi har heile merksemda vår på dyret når vi handterer det?

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2021

Læringsressursar

Husdyrhald