Hopp til innhald
Fagartikkel

Fôr og fôring: drøvtyggarar

Den viktigaste eigenskapen til drøvtyggarane er at dei har eit fordøyingssystem som gjer at dei kan bryte ned kompliserte bindingar i fôrplanter som gras og kløver. Du har sikkert høyrt at kua har fire magar? Dei fire magane kallar vi vom, nettmage, bladmage og løypemage.

Drøvtyggarar

Dei fire magane til kua kallar vi altså vom, nettmage, bladmage og løypemage. Vomma, nettmagen og bladmagen kallar vi som samlenemning formagane. Desse fungerer som eit gjæringskammer der det lever millionar av ulike mikroorganismar som hjelper dyret med å bryte ned fôret. Drøvtyggarane og mikroorganismane i formagane lever i eit gjensidig avhengnadsforhold som vi kallar symbiose. Denne eigenskapen ved drøvtyggarane gjer at dei kan utnytte gras og andre vekstar som vi menneske og andre einmaga dyr ikkje kan utnytte.

Når drøvtyggarane får høve til å fungere normalt og utøve den naturlege åtferda si, samlar dei opp fôr i formagane mens dei beitar, utan å tygge det meir enn at det blir lite nok til å svelgjast. Fôret hamnar først i vomma når det har passert matrøyret. Når dyra står eller ligg i ro, blir fôret så gulpa opp igjen frå vomma og togge på nytt for å hjelpe til med nedbrytingsprosessen. Det er dette som blir kalla "å tygge drøv", og det er grunnen til at vi kallar desse dyra drøvtyggarar. Kvar bit med fôr kan passere ned og opp igjen gjennom matrøyret fleire gonger.

Når fôret er tilstrekkeleg togge og brote ned, renn det vidare inn i nettmagen, som er ei slags utposing på vomveggen. Her blir fôret sortert vidare, og det som er nedbrote nok, held fram til bladmagen. Der blir det meste av væska i fôret absorbert.

Når fôret har passert formagane, kjem det til den siste magen, som vi kallar løypemagen. Dette er den eigentlege magesekken, og han fungerer ganske likt som magesekken vår. Herfrå fungerer fordøyinga i prinsippet ganske likt som hos einmaga dyr.

For å kunne fôre dyra rett, er det viktig å ha kunnskap om korleis fordøyinga deira fungerer. Drøvtyggarar er avhengig av nok grovfôr med tilstrekkeleg struktur og fiber for at fordøyinga skal fungere ordentleg, og dei kan bli sjuke viss dei blir fôra med for mykje lett nedbrytbart fôr, som til dømes kraftfôr.

Den unge drøvtyggaren

Når drøvtyggarane blir fødde, er formagane lite utvikla. Den første levetida livnærer dei seg på mjølk, og vomma utviklar seg gradvis etter kvart som dei et meir og meir grovfôr. Før vomma og dei andre formagane er ordentleg utvikla, går mjølka den unge drøvtyggaren drikk, direkte ned i løypemagen via ein kanal som koplar saman matrøyret og løypemagen. Denne kanalen kallar vi bollerenna.

For at bollerenna skal fungere optimalt, er det viktig å legge til rette for rett fôring av dei unge drøvtyggarane. Dei må få temperert mjølk og ha rett sugestilling. Hos dyr som diar hos mor, løyser dette seg sjølv, men hos til dømes kalvar i mjølkeproduksjon som blir fôra med mjølk, må vi sørge for rett temperatur på mjølka og legge til rette for at dei et på rett måte, gjerne frå smokk plassert i naturleg høgde.

Gras som hovudfôr

Fordelen med drøvtyggarar er at dei kan ha gras som hovudfôr. I eit land som Noreg er det ein stor fordel. Vi har veldig lite areal i Noreg som er eigna som , og mykje av matjorda er berre eigna til å dyrke gras. Dette har med klima, terreng og jordsmonn å gjere. Men noko vi har mykje av, er areal eigna til . Ved å halde drøvtyggarar kan vi utnytte desse ressursane til å produsere menneskemat, sidan drøvtyggarane hentar store delar av maten sin frå utmark og beiteareal som ikkje eignar seg til annan landbruksproduksjon.

Det er lange tradisjonar for beiting i utmark i Noreg, og det har vore med å forme landskapet vårt. Mange ville artar er sterkt knytte til beitelandskapet, og det er viktig at vi held oppe beitebruken i utmark, både for å hindre at dette landskapet gror igjen, og for å utnytte alle ressursane vi har, til å produsere mat.

Diskuter

  • Kva er ein mikroorganisme?
  • Forklar symbiose.

Relatert innhald

Fagstoff
Fôr og fôring: einmaga dyr

Gris og fjørfe er døme på det vi kallar einmaga dyr. Dei har ikkje dei same føresetnadene som drøvtyggarane for å utnytte gras og liknande vekstar.

Oppgåver og aktivitetar
Kva slags mage har dyret?

Dyr har ulike typar fordøying. Vi skil mellom einmaga og fleirmaga dyr. Veit du kva slags mage ulike dyreslag har? Test deg sjølv med denne oppgåva.