Hopp til innhald

Fagstoff

Fôr og fôring: einmaga dyr

Gris og fjørfe er døme på det vi kallar einmaga dyr. Dei har ikkje dei same føresetnadene som drøvtyggarane for å utnytte gras og liknande vekstar. Dette er fordi dei har berre éin mage, slik som oss, og ikkje har hjelp frå mikroorganismar til å bryte ned maten, slik drøvtyggarane har.

Gule kyllingar som går på eit lag med strø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordøyingssystemet til grisen liknar veldig på fordøyingssystemet hos mennesket. Gris og fjørfe må få fôr som er lett å fordøye, slik at næringsstoffa i fôret kan bli frigjorte og tekne opp i tarmane til dyra utan å bli omarbeidd av mikroorganismar først. Derfor fôrar vi i dag fjørfe og gris med spesialtilpassa kraftfôrblandingar. Desse kraftfôrblandingane inneheld alle næringsstoffa dyra treng for å vekse, halde seg friske og produsere egg eller avkom.

Nærbilete av ein kraftfôrsekk. Foto.

Karbohydrata i kraftfôret kjem i hovudsak frå norsk korn, som utgjer hovudbestanddelen i dei fleste kraftfôrtypar. Dette gir oss høve til å utnytte det kornet som ikkje har god nok kvalitet til å bli menneskemat. Proteinet i kraftfôret kjem gjerne frå ulike oljevekstar, som soya og raps. Soya kan ikkje dyrkast i norsk klima og blir derfor importert. Raps er ei plante vi stadig dyrkar meir av i Noreg, noko som gjer at større og større del av proteinet i kraftfôret til husdyra kan bli produsert på norske ressursar.

Tidlegare fekk desse dyra ofte restar frå matlaginga og matavfall frå hushaldninga på garden, men moderne krav til hygiene gjer at dette ikkje lenger er aktuelt.

Gris og fjørfe blir kalla altetarar, sidan dei kan ete fôr som stammar både frå plantar og frå dyr. Drøvtyggarar og hest blir kalla planteetarar, sidan dei er best tilpassa ein fôrsetel med mest plantemateriale.

Effektiv fôrutnytting

Ein liten haug kraftfôr på ei kvit flate. Foto.

Eit av dei viktigaste fortrinna til einmaga dyr er at dei har ei effektiv fôrutnytting. Det betyr at dei raskt kan ta opp energien og næringa i fôret dei et, og derfor kan vekse fort eller produsere mykje. I praksis kan dei òg bidra til at ein gard kan utvide næringsgrunnlaget, sidan fôret i hovudsak er kraftfôrblandingar som uansett må kjøpast utanfrå. Ein er altså ikkje avhengig av ein gard med stort areal for å drive produksjon av desse husdyra, fordi ein ikkje treng beite eller jord til å produsere grovfôr.

Diskuter

  • Kva er ein altetar?
  • Er vi menneske altetande?

Relatert innhald

Drøvtyggarane har eit fordøyingssystem som gjer at dei kan bryte ned kompliserte bindingar i grovfôr som gras og kløver.

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen og Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2022

Læringsressursar

Husdyrhald