Hopp til innhald

Fagstoff

Husdyravl

For å kunne velje avlsdyr på godt grunnlag må vi ha registreringar av dei eigenskapane vi skal gjere utval for. Vi måler og registrerer til dømes mjølkeyting, tilvekst, fôrutnytting, åtferd og førekomst av sjukdom hos dyra. Det kan vere stor variasjon mellom individa i ei besetning.
Lam dier melk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avlsdyr

Når vi held husdyr, kan vi avgjere kven som skal bli foreldre til neste generasjon i besetninga og får føre arveanlegga sine vidare. Dermed avgjer vi òg kven som ikkje blir foreldre, og kva arveanlegg som ikkje blir førte vidare. Moglegheita for å velje foreldre til neste generasjon – det vi kallar avlsdyr – gjer at vi kan styre utviklinga av arvmaterialet i besetninga. Men, som elles i livet, gir fleire valmoglegheiter gjerne òg fleire utfordringar. Det gjeld å vite kven som er best eigna som foreldre, og kva eigenskapar vi skal leggje mest vekt på.

DNA-molekyl

Arveanlegg

Det er berre eigenskapar som er knytte til arveanlegga hos dyra, vi kan framheve gjennom systematisk avlsarbeid. Hos alle dyr sit arveanlegga i DNA-molekylet som kvart individ får ved befruktinga– ein del frå mor og ein frå far. Men arveanlegga bestemmer ikkje alt når det gjeld korleis eit dyr skal sjå ut, produsere og fungere. Miljøet har òg mykje å seie – relativt mykje for nokre eigenskapar og relativt lite for andre.

Inseminasjon

Sidan kvart hanndyr kan befrukte mange hodyr, spesielt når vi nyttar kunstig inseminasjon, kan vi gjere det strengaste utvalet blant oksar, rånar eller hanar. Vi har større sjanse for å få velje dei beste avlsdyra jo større gruppe dyr – populasjon – vi har å velje mellom. Dette gjeld for både hodyr og hanndyr.

Inseminering av storfe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Bilde av en gutt som hilser på sau i kollasj med et bilde av en ku. Foto.

Avlsframgang

Det har vore eit stort gode at norske avlsforskarar allereie i 1950-åra byrja å gjere utval blant alle norske kyr, grisar, fjørfe og sauar, uavhengig av rase og ytre kjenneteikn. Dei dyra som produserte best, vart satsa på i avlen. Derfor er til dømes norsk raudt fe og kvit norsk sau i dag blandingsrasar med varierande ytre kjenneteikn.

Dei opphavlege norske rasane blir tekne vare på, mest ut frå historisk interesse, men òg fordi dei kan ha spesielle eigenskapar som vi kan få bruk for i framtida.

Nedarvingsevne

Kor mykje av framtoningen, funksjonen og prestasjonen til dyra som er bestemt av arveanlegga, er det vi kallar arvegrad eller nedarvingsevne. Dersom arveanlegga er svært avgjerande, er nedarvingsevna høg, mens nedarvingsevna er låg for eigenskapar der arveanlegga berre avgjer ein liten del. Til dømes kan nokre eigenskapar ved utsjånaden – som horn/kollete hos kyr – ha høg nedarvingsevne, mens motstandsevna mot sjukdom gjerne er meir påverka av miljø enn av arv, slik at denne eigenskapen har låg nedarvingsevne. For eigenskapar knytte til yting, som mjølkeproduksjon eller tilvekst, ligg nedarvingsevna mellom høg og låg.

Registrering

Moderne husdyravl handlar om at vi ser på store grupper av dyr under eitt. I arbeidet nyttar vi eit breitt sett av metodar for å velje nedarvingsevne og fastslå kva arvelege eigenskapar kvart individ har. Ein viktig del av dette arbeidet er å registrere yting og åtferd hos slektningar – foreldre, besteforeldre, søsken eller avkom. Det blir òg introdusert nye metodar for å bestemme arveeigenskapane til individa gjennom kartlegging av gena på DNA-molekylet. Dette blir kalla genomisk seleksjon, og er i første omgang aktuelt å ta i bruk hos storfe.

Avlsverdi

Skotsk høglandsfe. Foto.

Når vi kjenner nedarvingsevna og avlsverdien til kvart av dyra, må vi velje kva eigenskapar vi skal leggje mest vekt på når vi vel ut framtidige foreldredyr. Slike val blir i dag gjorde ved hjelp av omfattande analysar av store mengder data. Det blir lagt vekt på mange ulike eigenskapar i moderne avlsarbeid. For 50 år sidan låg hovudvekta å produksjonseigenskapane, som mjølkeyting og tilvekst. Etter kvart har det vorte utvida til å gjelde ei heil rekkje eigenskapar. Mellom anna er helse og motstandsevne mot sjukdom vorte prioritert. Kor mykje vekt vi legg på dei ulike eigenskapane, blir kalla avlsmålet.

Eksportvare

Noroc slaktegris. Foto.

Noreg har gjennom mange tiår vore verdsleiande innanfor husdyravl. Det kjem av den heldige kombinasjonen av dyktige forskarar og eit godt samarbeid mellom forskarane og dei produsenteigde avlsorganisasjonane. Derfor har avlsorganisasjonane for storfe og svin, Geno og Norsvin, i dag ein betydeleg eksport av sæd og avlsmessig kompetanse til andre land, ofte land med vesentleg større husdyrproduksjon enn vi har i Noreg. Dette gjer at organisasjonane får avkastning på dei investeringane som er gjorde i avlsarbeidet, og håpet er at inntektene frå eksporten kan vere med på å dekkje delar av kostnadene for norsk avlsarbeid framover.

Diskuter:

  • Kva er genomisk seleksjon?
  • Kva eigenskapar er viktige i avlsmålet for norsk raudt fe og for norsk gris?

Hugselappen

Vi kan velje ut kva dyr som skal vere avlsdyr, og kva eigenskapar som skal førast vidare.

Det har vore drive aktivt avlsarbeid sidan 50-åra i Noreg.

Norsk raudt fe og kvit norsk sau er døme på rasar som er avla fram.

Skal vi finne dei rette avlsdyra, må eigenskapar som utsjånad og yting registrerast.

Avlsverdi seier noko om verdien av eit dyr i avl.

Det blir i dag drive eksport av arvemateriale frå norske husdyrrasar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2021

Læringsressursar

Husdyrhald