Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Allusjon

Har du høyrt nokon seie: "Akilleshælen min er …" og deretter fortelje om ei svakheit dei har? Då bruker dei ein allusjon. Ein allusjon er eit lån frå ein kjend tekst eller ei kjend forteljing. Akilles var ein gresk helt som ifølge myten berre hadde éi svakheit: hælen.

Kva er ein allusjon?

Ein allusjon er eit lån av tekst. Det kan vere eit sitat eller eit motiv frå kjende bøker, måleri eller andre kunstverk. Dette lånet er sjølvsagt bevisst, og målet er at allusjonen skal gi teksten eit ekstra lag.

Døme 1: Akilleshælen

Å snakke om akilleshælen, ei personleg svakheit, er ein allusjon til gresk mytologi. Ifølge myten senka mora til Akilles han i elva Styx fordi dette ville gjere han udødeleg. Men den eine hælen hans rørte ikkje vatnet, og det førte til at han hadde eit sårt punkt der, noko som førte til at han døydde.

Når vi bruker denne referansen i dag, kan vi seie veldig mykje med berre eitt ord. Om du seier at "sjokolade er akilleshælen min", vil mottakaren forstå at du stort sett et sunt, men at du ikkje kan stå imot sjokolade.

Døme 2: Oljeferden i Hardanger

Studer dei to bileta under. Det første biletet er Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude (1848). Det andre heiter Oljeferden i Hardanger og blei måla av Rolf Groven i 1975.

Diskuter kva allusjonen til det nasjonalromantiske måleriet tilfører Groven sitt måleri.

Rolf Groven låner openlyst frå Tidemand og Gudes måleri. Ved å bruke det same motivet, men byte ut det nasjonalromantiske med oljesøl, oljeindustri og søppel, får samfunnskritikken hans djupare botn.

Han viser at førestillinga om Noreg som idyll står i kontrast til det han meiner er realiteten. Allusjonen forsterkar dermed samfunnskritikken og skaper ei ironisk framstilling av det norske.

Døme 3: Taylor Swift og Alice i Eventyrland

I songen "Wonderland" syng Taylor Swift: "Oh, we found Wonderland / You and I got lost in it". I tillegg seier ho: "Fell down a rabbit hole" og "Didn't you call my fears with a Cheshire Cat smile?".

Visste du at alle desse verselinjene er allusjonar til den kjende boka Alice i eventyrland av Lewis Carroll frå 1865? Kvifor alluderer Taylor Swift til denne boka?

For dei som kjenner til boka, vil allusjonane tilføre noko ekstra. Dei veit at Alice si ferd ned i kaninholet, fører til både glede og spenning, men òg farar. Nettopp dette vil Swift fortelje med teksten sin: Han handlar om ei intens og altoppslukande forelsking som òg er litt farefull, akkurat som Alice har det i eventyrland.

For dei som har god kjennskap til teksten, vil allusjonen til Cheshire-katten understreke det utrygge i kjærleiksforholdet. Katten frå Alice i Eventyrland kan dukke opp og forsvinne når som helst, og av og til er det berre eit breitt, urovekkande smil som står igjen.

Kvifor bruke allusjonar?

Allusjonar blir brukte for å gi teksten eit ekstra lag, skape gjenkjenning hos lesaren og for å seie mykje med få ord. Dei fungerer berre dersom også lesaren, sjåaren eller tilhøyraren veit kvar allusjonen er henta frå. Slik kan dei vekke assosiasjonar som bidreg til ei djupare forståing av teksten.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland, Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist oppdatert 04.02.2026