Allusjon - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Allusjon

Ein allusjon er eit medvite, openlyst lån frå ein annan tekst, film eller song. (Kva for ein teikneserie- og filmhelt er det for øvrig skihopparen Tom Hilde alluderer til i biletet?)

Å låne frå andre tekstar

Ein allusjon er eit medvite, openlyst lån frå ein annan tekst, film eller song. Verkemiddelet fungerer berre når lesaren, sjåaren eller tilhøyraren veit kvar allusjonen er henta frå.

Lån – ikkje tjuveri

Når vi skriv ein fagtekst og byggjer på det som andre har skrive, må vi vere nøye med å gi opp kvar vi har henta innhaldet frå, elles kan vi verte skulda for plagiat (tekst-tjuveri). Med allusjonen er det motsett: Vi skal ikkje gi opp kjelda. Ikkje fordi vi skal skjule at vi låner frå ein annan tekst, men fordi det er meininga at lesaren eller lyttaren sjølv skal oppdage lånet. Allusjonen vekkjer assosiasjonar som bidreg til ei djupare forståing av teksten.

Eit døme frå litteraturen

Allusjonar får oss til å sjå både likskapstrekk (parallellar) og motsetnader (kontrastar) mellom tekstar. Den norske hiphop-gruppa Klovner i Kamp bruker til dømes både juleevangeliet og Julekveldsvisa til Prøysen i songen "Et juleevangelium", som handlar om ein familie som ikkje har råd til vanleg julefeiring:

Juleevangeliet

Den første allusjonen finn vi alt i sjølve songtittelen "Et juleevangelium". Tittelen får alle som kjenner juleevangeliet til å tenkje på forteljinga om korleis Maria og Josef reiser til Betlehem for å verte innskrivne i manntalet, slik den romerske keisaren Augustus hadde bestemt. Her vert så Jesus fødd i ein stall, fordi det ikkje er plass i herberget.

I songteksten vert historia attfortalt i eit røft, kvardagsleg og slangprega språk. Maria og Josef vert framstilte som to vanlege menneske med vanlege bekymringar, som det er lett å identifisere seg med. Dei er fattige, og hadde dei levd i dag, ville dei truleg heller ikkje hatt råd til noka julefeiring. Fattigdommen har dei felles med familien som songen handlar om.

Julekveldsvisa

Allusjonen til Julekveldsvisa har ein annan funksjon. I denne visa har Prøysen teikna eit idealbilete av jula, der førebuingane er prega av ro, glede og forventing. Dette idealbiletet står i sterk kontrast til julefeiringa som vert skildra i songen, der far på ein hjelpelaus og resignert måte prøver å skape julestemning. Dermed vert det ekstra tydeleg at familien fell utanfor rammene for vanleg levestandard og det vi elles tenkjer på som vellykka.

Eit døme frå reklamen

Illustrasjonen nedanfor viser ein brusetikett frå Hansa Mineralvannfabrikk i Bergen. Det er ikkje tilfeldig at Hansa har valt namnet Eventyr-Brus. Ordet eventyr vekkjer hyggjelege minne og assosiasjonar hos dei fleste. Vi tenkjer kanskje på samlingsstunder i barnehagen, på eventyrfilmar vi har sett, eller på høgtlesing på sengekanten. Teikninga på etiketten forsterkar eventyrassosiasjonane. Ho viser ei scene frå eventyret om Raudhette og ulven. Dette er eit spennande eventyr som dei fleste liker og hugsar godt.

Gode minne har smitteeffekt

Reklamen bruker allusjonane aktivt for å skape eit positivt inntrykk av eit produkt som skal seljast. Vi veit strengt teke at brusen frå Hansa ikkje har noko som helst med eventyr å gjere, han kjem frå ein fabrikk akkurat som all annan brus. Men allusjonen har ein smitteeffekt: Når vi ser på etiketten, smittar dei positive assosiasjonane våre automatisk litt over på innhaldet i flaska.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Allusjon

Korleis blir allusjonane brukt i desse tekstane?

Skrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019