Lyriske verkemiddel

Litt om språklege bilete
Eit språkleg bilete er eit uttrykk som blir brukt i overført betydning, og som skal skildre nokon eller noko. Til dømes kan ein sportsjournalist skrive om eit lovande fotballtalent at han er "ein uslepen diamant". Biletet får oss til å tenke på noko verdifullt, men uferdig, og det er nettopp desse eigenskapane ved den unge spelaren journalisten vil framheve.
Dei fire vanlegaste språklege bileta er samanlikning, metafor, personifikasjon og besjeling. Du kan lese meir om dei ulike verkemidla i emnet "Språklege verkemiddel".
Del 1: Vanlege verkemiddel i dikt
Det er typisk for lyrikken at han uttrykker stemningar, kjensler og inntrykk. Forfattarane bruker ofte ulike språklege bilete for å formidle dette.
Under ser du døme på personifikasjonar og besjelingar. Kan du forklare skilnaden på desse to verkemidla?
Besjeling
Sola smilte den dagen.
Gravemaskinene åt skogane.
Kaffitraktaren sukka tungt.
Personifikasjon
Stilla truga meg.
Forelskinga greip hardt om hjartet.
Døden lurer bak svingen.
Det er òg andre viktige fagomgrep du bør kjenne til når du tolkar dikt. Klarer du å setje riktig namn på verkemidla i diktutdraga under?
Utdrag 1
Bi på oss
til vi er ferdige
med dansen
kring gullkalven(frå "Eg vørde deg" av Ingebjørg Kasin Sandsdalen, 1960)
Utdrag 2
Jeg ser på den hvite himmel
Jeg ser på de gråblå skyer
Jeg ser på den blodige sol(frå "Jeg ser" av Sigbjørn Obstfelder, 1893)
Utdrag 3
Vil du være de dansende elver blå,
så er jeg de tunge lier? (…)
Vil du være den skjæreste blomst jeg vet
i skogenes sommer-under?
Så er jeg din muld og din evighet,
og du er mitt livs sekunder(frå "I berg" av Rolf Jacobsen, 1951)
Konnotasjonar
Ein konnotasjon er ein felles assosiasjon som vi knyter til eit ord. Til dømes vil fargen svart få mange til å tenke på noko dystert. Fargen kvitt, derimot, konnoterer gjerne uskyld.
Under ser du orda som Jacobsen bruker om "eget" og "duet". Kva for konnotasjonar vekker desse orda?
Kva effekt meiner du ordvala til Rolf Jacobsen har på korleis du opplever steminga i diktet?
Ord om "eget"
de tunge lier, det store, stille lier, muld, evighet, natt, jord, blinde
Ord om "duet"
de dansende elver blå, skjæreste blomst, skogenes sommer-under, lyseste livsens ord
Del 2: Bruk språklege bilete
Vel ei av oppgåvene under. Målet er å lage ein kort tekst som inneheld flest mogleg språklege bilete. Det er òg eit poeng å bruke alle dei fire ulike typane språklege bilete (besjeling, personifikasjon, metafor og samanlikning) i teksten.
- Lag ei skildring av favorittidrettsutøvaren din når hen driv med sporten sin. Døme kan vere: "Han smyg seg rundt motspelarane som ein katt" eller "Ho ladar kanonskotet ..."
- Beskriv ei sterk kjensle, til dømes sjalusi, forelsking eller liknande. Tenk over: Korleis smaker denne kjensla? Kva farge har ho? Korleis ser ho ut? Døme kan vere: "Svart sjalusi rumla rundt i hovudet mitt ..." eller "Kjærleiken er ein upåliteleg ven".
- Beskriv anten ein lys, vakker og glad sommardag eller ein tung, regnfull og kjedeleg haustdag. Pass på at dei språklege bileta du vel, passar til den stemninga du skal skildre.
Del 3: Lag samanlikningar
Setningane under er ufullstendige samanlikningar. Fullfør setningane. Prøv å vere mest mogleg kreativ i ordvalet. Det er om å gjere å uttrykke akkurat den kjensla du får, når du skal skildre det som står i den første delen av setninga.
- Å bli dumpa av kjærasten er som ...
- Å få ein edderkopp under genseren er som ...
- Ho åt suppe som ...
- Eg hoppa rundt av glede som ...
- Verkelegheita slo meg i fleisen som ...
- Å sjå karakteren på matteprøva var som ...
- Storebroren min køyrde bil som ...
Del 4: Lag kontrastar
Sit saman i par eller grupper. Skriv på to ulike ark eller dokument på pc-en. Finn eit kontrastpar, som til dømes vond–god. Lag eit tankekart der det eine ordet står midt på eitt av arka, og det andre midt på det andre arket. Ein av dykk må vere sekretær.
Idémyldre saman om kva for synonym og konnotasjonar de får til orda. Det er om å gjere å finne flest mogleg ord.
Hugs at de ikkje berre skal finne synonym som til dømes vond + slem. De skal òg tenke over kva for ord de konnoterer med ordet. Kanskje konnoterer de "vond" med fargen "svart", eigenskapen "giftig" og adjektivet "skarp"? (Det er lov å bruke synonymordbok om de går tomme for forslag).
- Lag eit dikt som er bygd opp av kontrastpara de har laga.