Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Ordval og konnotasjonar

Dikt er vanlegvis korte og konsentrerte tekstar. Kvart ord og uttrykk er valt med særleg omhug.

Kva er konnotasjonar?

Eit viktig formål med ordvalet er å skape ei stemning eller å vekke visse konnotasjonar hos lesaren. Ein konnotasjon er ei vanleg tilleggsbetydning som vi knyter til eit ord. Til dømes vil fargen svart for dei fleste konnotere noko dystert, kanskje døden, mens fargen kvitt ofte konnoterer uskyld.

Kva er assosiasjonar?

Ord kan i tillegg vekke assosiasjonar, det vil seie personlege kjensler og erfaringar som vi kanskje ikkje har felles med nokon andre. Assosiasjonane til kvar enkelt lesar veit ikkje diktaren noko om. Konnotasjonar derimot kan diktaren utnytte fordi "alle" deler dei.

Oppgåve

I denne oppgåva skal de jobbe med diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.

Del 1: Utforsk ordbruken i diktet

  1. Skriv ut diktet eller opprett eit dokument og kopier teksten over.

  2. Les diktet og marker orda og uttrykka du opplever som særleg sterke.

  3. Samanlikn med resultatet til ein annan elev. Diskuter:

    • Hadde de streka under dei same orda?

    • Forklar kvifor de streka under nettopp desse orda.

    • Kva for konnotasjonar har orda de markerte?

Del 2: Ord med negative og positive konnotasjonar

Mange av orda i diktet har negative konnotasjonar. Men det finst òg ord/frasar som har positive eller meir nøytrale konnotasjonar.

Under ser du nokre ord frå diktet.

  1. Lag ein tabell med to kolonnar. Overskrifta skal vere "Positive konnotasjonar" i den eine kolonnen og "Negative konnotasjonar" i den andre.

  2. Ordne orda inn i det du meiner er rett kolonne. Viss du er usikker, set du ordet i den kolonnen du meiner er mest rett og set eit spørsmålsteikn bak ordet.

  3. Samanlikn med det ein annan elev i klassen har funne ut.

Ord frå diktet

skriker, utslitte, famler, tåke, rynket, Blødende, Rødhette, Den gode slutten, Nissen, Bestemor, råtnet, drømmene, barnehender, kistelokket

Del 3: Stemma i diktet

Diskuter i par:

  1. Kven er stemma i diktet, meiner de? Er det mogleg å lese ut av teksten om det er ei barne- eller vaksenstemme? Grunngi svaret med å vise til ord eller verselinjer i diktet.

  2. Kva har desse orda felles?

    • lille Rødhette

    • Den gode slutten

    • Nissen

    • Bestemor

    • drømmene

    • barnehender

Hint

Barndom: Kva forbind stemma i diktet barndommen med?

Del 4: Før og no i diktet

  1. Orda over kan vise til barndommen til stemma i diktet. Viss det er slik, kva fortel orda/frasane under om?

    • kaster steiner ("kaster steiner på lille Rødhette")

    • avslørt ("Nissen er avslørt")

    • råtnet ("Bestemor har råtnet")

    • borte ("drømmene er borte")

    • kistelokket ("barnehender søker over kistelokket")

  2. Kva er "før", og kva er "no" i diktet?

Hint

  • Før: lille Rødhette, Nissen, Bestemor, drømmene, barnehender

  • No: kaster steiner, avslørt, råtnet, borte, kistelokket

Del 5: Samanfatt

No har du sett nærare på korleis ein diktar bruker ord med positive og negative konnotasjonar for å få fram temaet i diktet. Skriv ein tekst (cirka 200 ord) der du forklarer korleis temaet kjem fram gjennom ordvalet.

Du kan bruke setningsstartarane under som hjelp. Sjå òg på hjelpespørsmåla i ramma.

  • Temaet i diktet "Mareritt i eventyrskogen" er ...

  • Eit gjennomgåande verkemiddel i diktet er ...

  • Stemma i diktet bruker ord med negative konnotasjonar om ...

  • Døme er ...

  • Men når stemma fortel om ..., bruker ho positive konnotasjonar. Døme er ...

  • Kontrasten mellom desse orda viser at ...

Hjelpespørsmål

  1. Er det eit farvel til barndommen?

  2. Kva har skjedd med bestemora?

  3. Kva utløyser sorga over bestemora?

  4. Kva forbind stemma i diktet barndommen med?

  5. Korleis er livet som vaksen?

  6. Vaksenlivet er "fornuft". Kva er livet som barn?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.12.2025