Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Metonymi

Sjølv om du kanskje aldri har høyrd ordet metonymi før, bruker du heilt sikkert sjølv mykje denne typen språklege bilete, og du møter dei i tekstar kvar einaste dag.

Ny, men nærskyld betydning

Dersom læraren din spør om du har lese Tolkien, vil du sikkert skjønne med ein gong at det ikkje er personen Tolkien han siktar til, men bøkene denne forfattaren har skrive. Det språklege biletet læraren din då har brukt, kallar vi metonymi.

Ein metonymi er eit erstatningsord som overtek betydninga til det opphavlege ordet. Det er ein klar samanheng frå før mellom ordet vi bruker (Tolkien) og tingen vi eigentleg seier noko om (bøkene til Tolkien). Metonymiar er svært vanlege i kvardagsspråket:

  • Det var Austerrike som vann lagkonkurransen i hopp.
    (Namnet på landet står for dei personane som faktisk hoppa i skibakken.)

  • Vi må ikkje gløyme 11. september!
    (Datoen er metonymi for terroråtaket i New York den 11. september 2001.)

  • Slottet kom med ei pressemelding i går.
    (Bygningen står for kongen og familien hans.)

Kvifor bruker vi metonymiar?

Metonymiar lar oss seie mykje med få ord. I staden for å forklare heile samanhengen bruker vi ord som står i nært samband med det vi meiner. På denne måten blir språket meir nyansert, fordi det same ordet kan bety ulike ting i ulike samanhengar.

Metonymiar kan, som andre språklege verkemiddel, skape ein viss distanse til det vi skriv om. Når vi til dømes skriv "Skulen må ta ansvar", meiner vi ofte heile skulesystemet. Samstundes kan ordet skule òg vise til sjølve bygningen, eller til elevar og lærarar som er knytte til han.

Slike språklege uttrykk kan vere vanskelege å forstå, særleg for personar som ikkje har språket som førstespråk. For å tolke metonymiar rett krevst det nemleg kunnskap om både språket og kulturen dei blir brukte i.

Synekdoke

Ei spesiell form for metonymi er det vi kallar synekdoke. (Uttale: synekdoke) Då nemner vi ein del av noko, og lar delen stå for heilskapen:

  • Kjenner du den kjekke krølltoppen frå B-klassen?
    (Håret står for heile personen.)

  • Vi treng fleire varme hender i eldreomsorga.
    (Hendene står for menneska.)

Synekdoken framhevar gjerne noko vesentleg ved ein person eller ei sak. Når vi snakkar om ein krølltopp, er det håret vi heftar oss ved, og kanskje liker spesielt godt. Når vi ønsker oss fleire varme hender, tenker vi på fleire menneske som kan utføre ein praktisk jobb, og som kan gi omsorg.

Pars pro toto

I staden for det greske ordet synekdoke bruker mange den latinske nemninga pars pro toto, som òg betyr "delen for heilskapen". (Ordet pars uttaler vi med tynn s-lyd.)

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 03.02.2026