Øvelse
Metonymi
Finn metonymiane i setningane nedanfor, og presiser kva det er skrivaren eller talaren har i tankane.
Døme: Han kan ikkje fordra Beethoven. (= Han kan ikkje fordra musikken Beethoven har skrive.)
- Vil du ha ein Farris?
- Napoleon tapte slaget ved Waterloo.
- Industrilanda skjelv.
- Han har kjøpt seg ein ny Ferrari.
- Har dei lese Bjørneboe?
Sjå på dei to korte tekstutdraga. Finn metonymiane, og forklar kva som er meint.
- I bilen går tungebåndene i viltert kryss. Det snakkes og spørres og lures fælt.
- Det er ikkje til å stikke under ein stol: Det er hovudstaden som bestemmer. Det veit vi alt om her vest, når vi sender politikardelegasjonar i skytteltrafikk til Storting og regjering for å få pengar til salt i grauten.
Les utdraget frå petiten "The noble art of buying jeans" av Kjeld-Willy Hansen.
- Forfattaren bruker ei rekkje metonymiar når han omtaler ekspeditøren. Finn dei.
- Korleis påverkar metonymiane oppfatninga vår av denne personen?
- Finn du andre språklege verkemiddel i teksten òg? Nemn dei, og gi døme.