Allegori

Teksten som bilete på noko anna
Ordet allegori er henta frå gresk og betyr "å tale annleis, å tale i bilete". Ein allegorisk tekst er ei konkret forteljing som i tillegg kan eller bør oppfattast som eit bilete på noko større og (meir) vesentleg.
Definisjon
Ifølge ordbøkene.no er ein allegori ei gjennomført likning, ein utvida metafor. Allegorien består av fleire delar som heng saman. Vi kan lese historia som ei "kjede av symboler" ("allegori," u.å.).
Eit døme: Haiene av Jens Bjørneboe
Romanen Haiene er eit godt døme på ein tekst som kan lesast som ein allegori. Boka kom ut i 1974 og er ein spenningsroman som handlar om seglturen til barken Neptun over Indiahavet vinteren 1899−1900.
Handlinga
Neptun seglar med eit mannskap henta frå alle verdsdelar, og det er ei streng rangordning om bord. Etter kvart bryt det ut konfliktar mellom mannskapet, som til slutt gjer mytteri. Men offiserane greier å halde mytteristane i sjakk.
Skipet kjem så ut for ein storm og forliser. Situasjonen tvingar mannskapet og kapteinen til å samarbeide og til å hente fram dei beste eigenskapane sine. Kapteinen tek ansvar og greier å redde mannskapet i land på ei øy. No har dei kome i ein heilt ny situasjon: Den gamle rangordninga er borte, og det er råd å bygge eit samfunn av likeverdige borgarar.
Moglege tolkingar
Reisa over havet kan oppfattast som ein allegori på menneska si reise inn i det 20. hundreåret. Båten er kloden, og menneska om bord representerer befolkninga på heile jorda. Mannskapet, som blir undertrykt og får elendig mat og lønn, er folk i fattige land, mens offiserane står for den rike, vestlege verda. Konfliktane i boka kan altså tolkast som konfliktar og motsetnader i verdssamfunnet på 1900-talet.
Romanen Haiene kan òg lesast som eit bilete på livet til den enkelte og dei vala han eller ho må ta. Dei blodtørste haiane som følger båten heile vegen, og som har gitt namn til romanen, representerer vondskapen som finst i oss alle. Men på tvers av alle motsetnader og konfliktar klarer menneska om bord å skape eit sterkt samhald, og dei tek ansvar for kvarandre – noko som reddar livet deira.
Allegori, parabel og fabel
Omgrepet allegori bruker vi helst om større, sjølvstendige verk som romanar og drama. Ei kortare biletleg forteljing som inngår i ein annan tekst, som til dømes likningane i Det nye testamentet, kallar vi helst parabel eller rett og slett likning. Parabelen (likninga) hentar gjerne handlinga frå dagleglivet. Handlinga skal oppfattast som eit bilete på noko anna, til dømes ei djupare religiøs røynd eller eit allment etisk prinsipp. Men kva teksten eigentleg handlar om, må lesaren sjølv finne ut av.
Ein tredje type allegorisk forteljing er fabelen. Ein fabel er ei kort dyreforteljing med ein konklusjon eller moral som skal sikre at lesaren får med seg poenget. I fabelen er det ikkje eigentleg dyreverda vi møter, men menneskeverda i lett forkledning.

Bjølla på katten
"Ho hengde bjølla på katten" seier vi dersom nokon har tort å seie ei ubehageleg, men nødvendig sanning til ein annan person. Uttrykket er henta frå ein gammal fabel, "Bjølla på katten". Kjenner du han?
Allegoriomgrepet i biletkunsten
I biletkunsten bruker vi ordet allegori om ei personifisert framstilling av eit abstrakt omgrep, til dømes døden, lykka eller rettferda. Ein allegorisk skikkelse er vanlegvis utstyrt med faste symbol som gjer at vi kjenner han att. Rettferda blir til dømes ofte framstilt med bind for auget, noko som viser til at ho dømmer alle likt. Vektskålene er bilete på argumenta for og mot ei sak, og sverdet står for rettssystemet si makt.

Relatert innhald
Finn verkemiddel i ulike tekstutdrag.
Oppgåver til det språklege verkemiddelet allegori.