Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Finn kontrastar

Finn kontrastar i bilete og tekst.

Oppgåve 1. Bilete med kontrastar

  1. Beskriv kontrastane i bileta.
  2. Gi bileta ein tittel som formidlar kontrastane med ord.

Oppgåve 2. Lag eigne kontrastbilete

  1. Ta eitt eller fleire bilete der du bruker kontrast som verkemiddel. Det er viktig at du prøver å bruke kontrasten til å få fram ein bodskap.

  2. Alle i klassen deler bileta med kvarandre og diskuterer kva som er kontrasten, og korleis han får fram bodskapen i biletet.

Oppgåve 3. Måleri med kontrastar

Sjå på måleriet Livets dans (1925) av Edvard Munch.

  1. Beskriv kontrastane i biletet.

  2. Kva funksjon meiner du kontrastane har?

  3. Samanlikn det du skreiv med svaret til ein medelev.

Oppgåve 4. Kontrastar i dikt

Les diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.

  1. Tittelen inneheld ei sterk motsetning. Kva slags forventningar har vi når vi skal høyre eit eventyr?

  2. Samanlikn det Raudhette opplever i dette diktet med den opphavlege versjonen av eventyret om Raudhette og ulven. Kva for forskjellar finn du?

  3. Kva fortel diktet oss om forholdet mellom eventyr og verkelegheit?

Relatert innhald

Kontrast

Les om kontrast som språkleg verkemiddel.

Skrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist oppdatert 13.02.2026