Symbol

Kulturbestemde symbol
Med symbol meiner vi i utgangspunktet alle typar teikn som står for noko anna enn seg sjølve – frå matematiske symbol, bokstavar og noteteikn til trafikkskilt, flagg og logoar.

Kva eit symbol står for, er vanlegvis kulturbestemd. Eit flagg, til dømes, er eit stykke tøy med eit bestemt mønster i bestemde fargar − iallfall for den som aldri har sett eit flagg før. Vi må lære kva flagget står for, på same måten som vi må lære oss bokstavar og trafikkskilt. Slike kulturbestemde symbol kallar vi òg konvensjonelle symbol.
Symbol og betydning
Det er ofte vanskeleg å sjå nokon opplagd samanheng mellom eit konvensjonelt symbol og betydninga av det, i det minste når vi tenker på matematiske teikn og bokstavar.
Men det er nok ikkje heilt tilfeldig at det er akkurat dua som symboliserer fred, og ikkje hauken eller ørna. Det same gjeld ankeret som symboliserer håp, for ankeret sørger for at skipet ligg trygt i hamn. Dersom vi tenker etter, kan vi altså ofte finne ein samanheng likevel.
Litterære symbol
Ein forfattar kan skape sine eigne symbol i ein tekst. Slike symbol kallar vi litterære symbol. Eit litterært symbol er ein gjenstand eller eit fenomen som har ein konkret funksjon i teksten, men som i tillegg får ei vidare, overført betydning.
Ringen i Ringenes herre
Ringen i romanserien Ringenes herre av J.R.R. Tolkien er nok eit av Vestens mest kjende symbol. Han symboliserer både vondskap og den freistinga makt kan vere.


Fuglen i Dødslekene
Trilogien Dødslekene av Suzanne Collins handlar om Katniss sin kamp mot det undertrykkande regimet Capitol i landet Panem. Eit gjentakande symbol er ein fugl, mockingjay (på norsk kalla spottefugl).
Denne fuglen blir eit symbol på fridom og kampen mot undertrykkarane. Etter kvart blir han òg eit symbol på hovudpersonen Katniss sjølv, som utrøytteleg kjempar for fridommen og mot vondskap og maktmisbruk.
Harry sitt arr i Harry Potter
I romanserien om Harry Potter er Harry lett gjenkjenneleg fordi han har eit arr forma som eit lyn i panna. Dette arret fekk han i møte med den vonde trollmannen Voldemort som liten baby.
Arret symboliserer at han er den utvalde, den Voldemort ikkje klarte å drepe, men òg at han har eit tett samband til Voldemort. Kvar gong han er i nærleiken av Voldemort, gjer det vondt i arret hans.

Symbol i kunsten
Symbolikk har òg vore vanleg i biletkunst. Vi kan sjå på kjende døme, der døden blir framstilt symbolsk.

Graverens død av Carlos Schwabe
Sjå på måleriet Graverens død (1895) av Carlos Schwabe. Biletet viser ein svart engel som tek imot ein mann som jobbar som gravar på ein kyrkjegard. Engelen er eit symbol på at mannen si tid no er omme: Han skal døy.
Biletet er faktisk måla i ein kunstepoke vi kallar for symbolismen. Dei symbolistiske målarane var kjende for å framstille komplekse kjensler og fenomen, som døden, gjennom ulike symbol.
Dødens øy av Arnold Böcklin
Også Arnold Böcklin måla symbolistisk. Då han måla biletet Dødens øy (1883), tok han motivet frå gresk mytologi, der det er ferjemannen Kharon som fraktar dei døde over elva Styx til dødsriket.

Tenk over
Korleis vil du seie at døden blir framstilt symbolsk i dei to måleria? Kva stemning er det i bileta?