Oppgåve
Video
Finn allusjonane
Oppgåve 1
Sjå reklamefilmen frå Fjordland (lengde 0:31).
Film som viser ein reklame for Fjordland. Video: Fjordland / Avgrensa gjenbruk
- Hovudpersonen og historia han fortel, er ein allusjon til ei kjend folkevise. Forklar samanhengen mellom filmen og visa. (Du finn visa om Per Spelmann på Nynorsk kultursentrum).
- Korleis passar historia om Per Spel(le)mann saman med produkta til Fjordland?
Oppgåve 2
Les diktet "Roser er døde" av elev Ingrid Flatland Larsen nedanfor.
- Heile diktet peiker til ein annan tekst. Kva for ein?
- Bodskapen i dette diktet står i klar kontrast til bodskapen i originalen.
- Kva for nokre ord understrekar denne kontrasten?
Roser er døde
Roser er døde
Fioler er grå
Druer er sure
Når DU er like så.
Oppgåve 3
Les diktet "At være, eller?" av Ina Schmidt.
- Kva for eit kjent sitat av ein engelsk forfattar skjuler seg bak denne teksten?
- Kva slags SMS kan det vere personen i diktet ventar på, trur du?
- Har originalsitatet noko å seie for korleis du oppfattar teksten? Grunngi svaret ditt.
At være, eller?
Er der en sms
eller er der ikke en sms
Det er spørgsmålet
Oppgåve 4
Nedanfor ser du biletet "Opera under vann" av Rolf Groven.
- Her har kunstnaren lånt eit motiv frå eit berømt måleri av ein annan norsk kunstnar. Kva heiter dette måleriet, og kven har måla det?
- Kva for eit operahus er avbilda i Grovens måleri?
- Korleis tolkar du dette biletet? Grunngi svaret ditt.

Rolf Groven, Opera under vann, 2007 © Rolf Groven / BONO. Bilete: Rolf Groven / Avgrensa gjenbruk
Relatert innhald
At være, eller?
Eit lite dikt om sms-meldingar.
Allusjon
Les om allusjon som språkleg verkemiddel.