Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Ressursutnytting i ulike klimasoner

I denne oppgåva skal du utforske klimaet i ulike delar av verda og finne ut korleis menneske kan bruke naturressursar. Du skal òg sjå på korleis endringar i klimaet kan påverke desse moglegheitene framover.

1. Vel område

Oppgåva kan løysast individuelt eller i mindre grupper.

Vel eitt eller to land, eller regionar i land, i ulike delar av verda (frå ulike klimasoner). Landa bør ha eit tydeleg klima og vere kjende for å utnytte visse naturressursar og produsere viktige varer eller tenester.

Forslag til land finn du rett under kartet.

Forslag til land

  • Brasil

  • Kenya

  • India

  • USA

  • Spania

  • Noreg

  • Australia

  • Etiopia

  • Chile

  • Vietnam

2. Beskriv klimaet i landa

Bruk ulike kjelder og finn informasjon om ulike klimasoner for å beskrive klimaet i dei utvalde landa. Utforsk og finn svar på desse spørsmåla:

  • Korleis varierer temperaturen gjennom året i landet?

  • Kor mykje nedbør får landet, og korleis varierer dette gjennom året?

  • Kva faktorar påverkar klimaet i landet? (Døme på slike faktorar: breiddegrad, solinnstråling, høgde over havet, nærleik til hav, havstraumar, vindforhold.)

3. Reflekter over moglegheiter og utfordringar i landa

Klimaet vil påverke korleis vi menneske kan utnytte i eit område. Tenk gjennom og finn ut:

A. Moglegheiter

  • Kva ressursar blir utnytta i landet? (Døme: jordbruk, fiske, matproduksjon, turisme, energi eller industri.)

  • Korleis blir desse ressursane utnytta til produksjon av lokale eller globale varer og tenester?

  • Har klimaet noko å seie for ressursutnyttinga i landet? Grunngi svaret.

B. Utfordringar

  • Fører dagens klima til nokon utfordringar i utnytting av naturressursar i landet? Kva for nokre?

  • Kva problem kan oppstå dersom klimaet endrar seg? (Døme: tørke, flaum, ekstremvêr, stigande temperaturar eller tap av korallrev.)

  • Korleis kan slike endringar påverke produksjon, levekår og moglegheiter i framtida (lokalt og globalt)?

4. Presenter klimaet og ressursmoglegheiter i landa

Presenter det de har funnet ut, i ein kort tekst, plakat, munnleg presentasjon eller gruppesamtale. Beskriv

  • klimaet i landet (bruk gjerne kart)

  • ei eller fleire moglegheiter for ressursutnytting i landet

  • utfordringar for ressursutnytting i landet ved eventuelle endringar i klimaet, og korleis dette vil påverke både lokale og globale forhold

Tips til læraren

Dersom elevane gjer oppgåva individuelt, kan dei gjerne presentere innhaldet sitt for kvarandre i mindre grupper. Om dei jobbar i grupper, kan gruppene presentere for heile klassen.

Etter presentasjonen kan det vere fint med ein felles diskusjon i klasserommet der de diskuterer desse spørsmåla:

  • Korleis heng klima og verdshandel saman?

  • Korleis kan endringar i klimaet påverke prisar eller tilgang til varer globalt?

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 02.02.2026