Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Vurderingsressurs
Interaktivt innhald

Ressursar og arealbruk: Kva kan du no?

Før, undervegs og etter at du har jobba med emnet Ressursar og arealbruk, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fakta? Har du forstått fagstoffet så du kan bruke det til noko? Klarer du å diskutere og drøfte spørsmål om ressursar og arealbruk?

Tips til læraren

Lær fagomgrep med praterobot

Viss du vil la elevane lære fagomgrep til heile faget ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.

Fagartikkel: Lær geografiomgrep ved hjelp av praterobot

Del oppgåvene med elevane

Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:

Å lære å lære

I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.

RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)

I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.

God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.

R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.

A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.

V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.

Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.

Har du kontroll på sentrale fagomgrep og fakta?

Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om ressursar og arealbruk. Du kan bruke lista, den interaktive oppgåva eller praterobot, vel det som passar best for deg.

Liste: Sentrale fagomgrep og fakta

naturressurs
noko vi hentar ut frå naturen og bruker og eventuelt omarbeider, til dømes vind, sand, tre, fisk, plantar og olje
materialressurs
naturressurs vi kan bruke som materiale til å lage eller bygge noko, til dømes sand, tømmer og mineral
energiressurs
naturressurs vi bruker til å produsere energi, til dømes mat, vind, rennande vatn og råolje
viktige naturressursar i Noreg
olje og gass, vasskraft, fiskeri og havbruk, skog og mineral
ulik grad av fornybarheit
det at nokre naturressursar kan fornyast, mens andre er ikkje-fornybare, det er enklare å bruke fornybare ressursar berekraftig
fornybar ressurs
naturressurs som kan fornyast, nokre naturressursar, som sol og luft, eksisterer uansett, mens andre må vi bruke på ein god måte for at dei skal fornyast, som skog og fisk
ikkje-fornybar ressurs
naturressurs som ikkje blir fornya (nokre naturressursar kan vi likevel gjenbruke, som aluminium)
økosystemtenester
alle naturgoda vi får frå naturen, som naturressursar, men òg ting vi har nytte av på andre måtar (plantar som reinsar lufta og hindrar ras, og bier som bidreg til å pollinere matplantane våre)
naturkrisa
omgrep som blir brukt om at vi stadig taper meir naturmangfald og dermed òg økosystemtenester på grunn av menneskeleg aktivitet og dårleg forvaltning
naturforvaltning
måten vi styrer bruken av naturen og naturressursane på, med god naturforvaltning klarer vi å bruke naturen på ein berekraftig måte
naturmangfald
blir òg kalla biologisk mangfald og handlar om kor stort mangfaldet er internt i ein art, mellom artar og mellom økosystem, eit stort naturmangfald bidreg til å bevare naturressursane og naturgoda vi menneske er avhengige av
raudliste
oversikt over kva artar som er utryddingstrua, eller som er i fare for å bli det
nedbygging
når vi bygger i område som tidlegare var natur
arealplanlegging
det å lage ein plan for korleis vi skal bruke dei ulike areala vi har tilgjengeleg, noko som er viktig fordi areal er ein avgrensa ressurs
arealplan
ein konkret plan kvar kommune har for korleis areala skal brukast: kva ein kan bygge, og kvar det kan byggast
naturfare
fare som flaum, skred, stormflod og skogbrann, farar vi må ta omsyn til når vi planlegg korleis areala skal brukast
samfunnsnytte
at noko er nyttig for fellesskapen, i samband med arealbruk: plass til gode vegar, fengsel, grøntområde, sjukehus og gjenvinningsstasjonar
næringsinteresser
handlar om behova og ønska til ulike næringar som jordbruk, skogbruk, industri og turisme, desse må vi ta omsyn til for å bidra til å skape økonomisk aktivitet
landskapsverdiar
eit fellesomgrep for alle verdiane som kan finnast i eit landskap, det kan vere naturressursar vi kan utnytte, men òg vakre område som kan gi gode opplevingar
fortetting
det å bygge meir i område der det allereie er bygd, bidreg til betre utnytting av areala
arealnøytralitet
det å gi like store område tilbake til naturen som det ein bygger ned
grå areal
areal som allereie er bygde på, der det ikkje lenger er natur
interessekonflikt
når personar eller grupper med ulike interesser står mot kvarandre, i geografifaget: om korleis vi skal bruke eit område eller ein ressurs
arealkonflikt
ueinigheit om korleis eit areal skal brukast
NIMBY
betyr "not in my backyard" (ikkje i bakgarden min) og handlar om at det er ein del ting vi ikkje ønsker tett på der vi bur og beveger oss, som avfallsanlegg eller ein trafikkert veg
ekspropriasjon
den retten staten har til å gjere krav på privat eigedom som kan brukast ved større samfunnsnyttige prosjekt som bygging av jernbane og flyplass
allmenningstragdien
beskriv ein situasjon der eigeninteressa til menneske går utover alle fordi vi prøver å sikre oss sjølve mest mogleg
Sápmi
namn på dei samiske områda i Noreg, Sverige, Finland og Russland
nordområda
land- og havområde frå sør i Nordland fylke og nordover der Noreg har sterke interesser

Interaktiv oppgåve

Kan du bruke det du har lært?

Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokre ting du treng å jobbe meir med for å forstå?

Den første oppgåva er interaktiv. Resten er spørsmål utan løysingsforslag slik at du sjølv må vurdere om du har kompetanse til å svare godt på dei.

Var det noko du ikkje kunne svare på?

Les ein eller fleire av fagartiklane under.

Side 1 og 2: Naturressursar – livsgrunnlaget vårt

Side 3 og 4: Naturgode, naturforvaltning og naturkrise

Side 5–7: Arealplanlegging og arealbruk

Side 8 og 9: Interessekonfliktar og arealkonfliktar

Side 10: Interessekonfliktar i Sápmi og nordområda

Kan du diskutere, drøfte og vurdere?

Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp imot kvarandre.

Vel eit av punkta under og diskuter i par eller grupper.

  • Kva naturressursar finn vi mykje av ulike stader i verda, i Noreg og i nærmiljøet ditt? Kva naturressursar bør vi bruke, og korleis kan vi bruke dei på ein god måte?

  • Kvifor kan vi kalle naturen livsgrunnlaget vårt, og korleis kan vi forvalte naturen betre?

  • Korleis kan vi gjere arealbruken vår meir berekraftig, og kva gjer arealplanlegginga utfordrande?

  • Kva interesser knytte til ressurs- og arealbruk finst i Sápmi og nordområda, og kva interesser bør vege tyngst?

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 20.06.2025