Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Naturressursar i nærområdet ditt

Kva naturressursar finst eigentleg i nærområdet ditt? Kvar og korleis blir ulike naturressursar vunne ut? I denne oppgåva skal du kartlegge naturressursar i nærområdet og lære meir om ein valfri naturressurs.

1. Lag eit kart over naturressursar i nærmiljøet

Denne oppgåva kan løysast ved hjelp av analoge kart eller ved bruk av digitale kartverktøy. Skal du jobbe digitalt, kan det vere nyttig å bruke artikkelen "Bruk av digitale kartverktøy".

Tips til læraren

  • Vi trur denne oppgåva kan løysast best ved at elevane teiknar på analoge kart mens dei leiter etter ressursar ved hjelp av ulike digitale kart og flyfoto frå Noreg i bilete.

  • Kart over eit valfritt område med målestokk kan skrivast ut på Kartverkets teneste norgeskart.no. Der kan de velje område, storleik på arket og type bakgrunnskart. Vi tilrår at de bruker gråtonekart i denne oppgåva.

  • Oppgåva kan utvidast og knytast til fleire tema i dette emnet (Ressursar og arealbruk). De kan til dømes diskutere kva for nokre av desse ressursane som er mest berekraftige. De kan òg jobbe vidare med kva for nokre av desse ressursane som i størst grad kan skape arealbrukskonfliktar.

Gjennomføring

  1. Avgjer om du vil lage eit digitalt eller analogt kart.

  2. Før du set i gang, kan det vere lurt å lese om kva naturressursar er i artikkelen "Naturressursar – livsgrunnlaget vårt".

  3. Avgjer korleis du vil symbolisere dei ulike naturressursane, og tenk ut korleis du kan lage ei . Naturressursane kan markerast ved hjelp av punkt eller ved å fargelegge/skravere område.

  4. Teikn inn minst fem ulike naturressursar på kartet ditt.

Døme på korleis oppgåva kan løysast:


2. Fordjup deg i ein naturressurs

I denne oppgåva skal du velje éin naturressurs du vil lære meir om. Skriv ei oppgåve, lag ein eller lag ein presentasjon. Bli einig med læraren om korleis oppgåva skal presenterast, og kor lang tid de skal bruke på oppgåva. Uansett presentasjonsform bør du bruke bilete og gjerne kart.

Du skal

  • presentere naturressursen og seie noko om kva type ressurs det er

  • forklare korleis naturressursen blir vunne ut, og kva han blir brukt til

  • presentere kvar naturressursen finst (lag gjerne eit kart og bruk det i oppgåva)

  • diskutere korleis naturressursen kan brukast på ein berekraftig måte

Forslag til naturressursar du kan fordjupe deg i

  • vind

  • bølger

  • sol

  • skog/tømmer

  • fisk

  • sand

  • råolje

  • silisium

  • jordsmonn/landbruksjord

  • kritiske mineral som kobolt, kopar, litium eller molybden

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 07.06.2024